Eit nynorsk nett-leksikon

15 år og data

Dagleg sit både du og eg og leitar etter godt stoff på Internett. Kanskje skal du skrive ei oppgåve og manglar opplysningar. Sjekk ut www.allkunne.no Her finn du påliteleg faktastoff om nynorsk språk- og kulturhistorie. Her kan du lese om viktige personar, institusjonar og organisasjonar. Mange av desse er ikkje nemnde i andre oppslagsverk. For deg som er skuleelev, frå ungdomsskulen og oppover, er nettstaden midt i blinken når du treng kunnskap. Tekstane er kvalitetssikra av ein redaksjon, og har gått igjennom ein grundig språkvask før dei er lagt ut. Tenesta er gratis.

Denne artikkelen er ikkje trykt i Norsk Barneblad

Norsk Barneblad for glade og opplyste barn - på nynorsk!