Dei mystiske hovudskallane i krystall

Kvart år blir det laga tusenvis av krystall-skallar i Brasil, Tyskland og Kina. Som pyntesaker. Men det er altså ikkje desse det er snakk om. Det finst ti–tolv slike krystall-skallar som er gamle. Vi finn dei i nokre private samlingar eller i offentlege museum. Nokre er heilt gjennomsiktige og fargelause, andre er i røykfarga glas og enkelte i farga glas. Folk er og var fasinerte av hovudskallar. Det er i alle fall likt no som før.

Somme av dei gamle krystall-skallane er på storleik med ein ekte hovudskalle. Andre er mindre og heller ikkje så forseggjorde. Alle skal stamme frå Mexico eller Mellom-Amerika.

Mange trur at dei er laga for tusen eller kanskje fleire tusen år sidan av ein utdøydd sivilisasjon i Mellom-Amerika. Enkelte meiner at dei kjem frå den fortapte byen Atlantis. Til slutt er det dei som meiner at hovudskallane er prov på besøk frå andre planetar.

Desse hovudskallane har magiske og overnaturlege eigenskapar, meiner mange. Ein som meiner dette, heiter Joshua Shapiro. Han trur at hovudskallane er som ei datamaskin som tar til seg og lagrar alt som skjer rundt dei. Han meiner også at hovudskallane kan vise fram alt som har hendt der dei har vore.

Shapiro og andre meiner vidare at om du er så heldig å få vere i nærkontakt med ein slik skalle, så blir du frisk om du er sjuk, og du kan få evner utanom det vanlege, for eksempel evne til tankelesing.

Mange av gudane til aztekarane var pynta med hovudskallar, og dette var heller ikkje uvanleg for mayafolket. Både aztekarane og mayafolket budde i Mexico og Mellom-Amerika. Så det var ikkje unaturleg at det var her desse krystall-skallane dukka opp.

Arkeologar og vitskapmenn kan ikkje heilt tru at krystall-skallane kjem frå gamle indianarstammar. Ingen slike krystall-skallar hadde blitt funne under offisielle utgravingar. Alle hadde berre dukka opp. Dette fekk fleire til å tenke at skallane ikkje kunne vere så gamle.

På The British Museum hadde dei ein slik skalle. Dei sette i gang grundige undersøkingar. Så gjorde dei det same med fleire andre skallar dei fekk låne. Krystallen i hovudskallane var laga av ein type kvarts som berre finst i Brasil og på Madagaskar. Difor meinte dei at skallane var laga i Tyskland rundt 1890. Her fanst det fabrikkar som laga akkurat slik krystall, og som var spesialistar på liknande glas-produksjon. Altså er skallane falske, meiner The British Museum.

Å tidfeste krystall, som er eit daudt materiale, er faktisk umogleg. Vi veit enno ikkje kven som har laga krystall-skallane. Så slik står saka. Mysteriet held fram.

Kjelde: The National Geographics

Nana Rise-Lynum