DET NORSKE FLAGGET

I 1821 teikna stortingsmann Frederik Meltzer det norske flagget slik vi kjenner det i dag. På grunn av den nyleg avslutta unionen med Danmark og den inngåtte unionen med Sverige tok Meltzer inn element frå begge desse flagga: Danmarks raude og kvite fargar med Sveriges blå farge i krossen. Kombinasjonen raudt-kvitt-blått førte samstundes vidare tradisjonen frå flagga til fleire meir eller mindre demokratiske statar — det revolusjonære Frankrike, Nederland, Storbritannia og USA.

1814 1601.jpg




Stortinget hadde motteke ei lang rekkje framlegg til nytt norsk flagg, men valde utkastet frå Meltzer da flaggsaka vart avgjord i 1821. Kong Karl Johan gav samtykke gjennom ein kongeleg resolusjon for å unngå at flagget vart innført ved lov.
Kvar 17. mai feirar vi Grunnlova vår. Dette er ikkje til å kimse av. Grunnlova vår sikrar at alle som bur i landet vårt, har like rettar og ei stemme som skal bli høyrd. For å sikre eit godt liv for alle som bur i landet, er det viktig at alle har like rettar og er like mykje verde. Det står skrive i Grunnlova vår. Slik er det ikkje i alle land.

5b36D6BF-3B9ACA00-3-1814 1503.jpg



Rett til å seie kva du meiner og rett til å stemme på det partiet som står for det du synest er best, er viktig i eit demokrati. Det er ikkje eit fritt val dersom det berre er eitt parti du kan stemme på. I eit ekte demokrati har du mange ulike parti som står for ulike meiningar. Då kan du sjølv finne ut kven du vil stemme på. Dei som får flest stemmer, blir valde. Slik er det altså ikkje i alle land.
Mange land har berre eitt parti folk kan stemme på. Dei som ikkje er samde med det lovlege partiet, kjem ikkje til orde. Mange torer heller ikkje anna enn å stemme på dette eine partiet fordi dei er redde for å bli straffa om dei let vere. Kvinner har heller ikkje stemmerett i alle land. Du som gjerne vil vite meir om Grunnlova vår, må følgje med i artikkelserien vår, Eventyråret 1814, av Erna Osland. Her får du vite mykje som du kanskje ikkje visste frå før. Og utan Grunnlova vår hadde vi ikkje hatt det slik som i dag. Dette er det grunn til å feire! God 17. mai! Så vi heiser flagget vårt og ropar eit fleirfaldig hurra for den norske Grunnlova!


20184F71-3B9ACA00-1-1814 1 lav tekst.jpeg
Nana Rise-Lynum