Ei litt uinteressant bok!

Foreldrebyrået  av David Baddiel

Meldt av Jenny

Terningkast 3

 

Denne boka handlar om ein gut som heiter Harry. Han likar ikkje namnet sitt. Og han er lei av foreldra sine. Han vil gjerne ha nye og betre foreldre. Så blir han dregen inn i ei anna verd. Her møter han på Foreldrebyrået, som tilbyr barn nye og perfekte foreldre. Dette blir bra, tenker Harry, men så enkelt er det aldri.

Temaet er nytt for meg og annleis enn det eg har lese før. Men teikningane i boka er litt rare og ikkje spesielt gode eller morosame og stemmer ikkje med slik eg tenker meg det. Dei fleste barn tenker vel av og til at dei skulle hatt andre foreldre, så temaet er sikkert aktuelt for mange. For meg er det ikkje aktuelt.

Sjølv om det var mange ulike personar i boka, så var det lett å forstå kva som hende. Ja, boka var lett å lese. Men Foreldrebyrået fekk meg ikkje til å le eller gråte eller til å føle noko som helst, faktisk.

Det var heller ikkje slik at boka var så spennande at eg ikkje orka å legge ho frå meg. Det var absolutt mogleg å legge ho frå seg. Eg forstod godt handlinga og kvifor Harry ville ha nye foreldre, men det var likevel ikkje så interessant å sjå korleis det enda.

Boka passar nok betre til niåringar enn til tolvåringar. Rett og slett ei litt uinteressant bok. Terningkast 3 er det beste ho kan få.

 Jenny

Jenny

 

 

Foreldrebyrået av David Baddiel

Meldt av Guri

Terningkast: 2

 

Eg nektar å le av misnøgde barn!

 

Ei bok for barn som vil le medan dei blir oppdregne.

 

Har du nokon gong fantasert om å vekse opp hos andre foreldre? Det gjer i alle fall David (snart 10 år). Særleg når foreldra hans er som strengast. Eller når foreldra er greiare med veslesystrene hans enn med han. Da vil han gjerne bu hos nokon andre. Og forfattaren lèt han få lov! Det synest eg er ein skikkeleg god idé til ei bok. Tenk på alle dei rare familiane du kunne ha vakse opp hos om du ikkje hamna nett der du bur.

David hamnar i ei anna verd som liknar på vår eiga. I denne verda vel barna foreldre sjølve. Dei vaksne kappast faktisk om ungane ved å skryte av at dei har det finaste huset og den beste maten. Høyrest ikkje det ut som ein morosam ønskjedraum? Foreldrebyrået skal hjelpe David å finne dei foreldra han vil ha. Han får teste ut mange ulike folk. Dei er karikerte, altså komisk overdrivne og rare.

Likevel blir det ikkje særleg moro. Forfattaren brukar altfor mange ord på å seie ganske enkle og banale ting. Dessutan er dei nye foreldra så klart heilt håplause. Så mykje må eg få lov å røpe for å vise at denne boka heilt sluttar å overraske. Allereie i starten ser David ganske teit ut på teikningane. Illustratøren vil visst ikkje at vi skal like han. Etter kvart får eg ei sterk kjensle av at heller ikkje forfattaren liker David noko særleg. Han har ikkje tenkt å gi guten nye og betre foreldre. Han vil vise David – og oss – at du har det best der du er. Du skal akte deg for å ønskje deg noko anna! Denne humorboka lèt altså som om ho er morosam, men eigentleg er ho ein fordekt aksjon for å få deg til å gjere som foreldra dine seier.

Ofte er det jo slik at foreldre veit best. Men hugs at ikkje alle foreldre er like greie bestandig. Då er det viktig at ein i alle fall kan trøyste seg i fantasien med å drøyme om andre foreldre. Denne boka ler av slike draumar. Difor får ho berre terningkast to frå meg.

 SITAT

GuriportrettavSolvorNærland.jpg

«Barndommen er altfor viktig til at vi kan la tilfeldige voksne (…) ‘lage’ barn.» 



Nana Rise-Lynum