FANTASI ELLER SANNING?

Har du høyrt om sjøormen i Seljordsvatnet? Eller den avskyelege snømannen i Himalaya? Kva med Yowie-mannen i Australia? Mange land har forteljingar om skapnadar nesten ingen har sett.

Felles for alle desse skapnadene er at mange trur dei finst, men berre få seier at dei har sett dei. Ingen har funne handfaste prov på at dei lever. Med handfaste prov meiner ein til dømes beinrestar av desse skapnadene. Fotspor, utydelege filmopptak og foto er det ein har av prov i dag. Og mange av desse «prova» har synt seg å vera juks.

Men mange zoologar og forskarar seier likevel at det godt kan vera at desse skapnadene finst. Ein kan ikkje nekta for at det er mogleg. Alle ville dyr gøymer seg for menneske. Nokre dyr gøymer seg så godt at vi aldri ser dei. Rundt om i verda finst det mange mystiske og ukjende dyr.

På slutten av 1800-talet slo zoologar (ekspertar på dyr) fast at alle dyreartar var funne. Men det var før dei oppdaga gorillaen. Seinare har det dukka opp mange nye dyreartar. Kvart år blir det meldt om heile tre tusen nye dyreartar rundt om i verda. Dei nye dyreartane utgjer alt frå små insekt, fiskar og apekattar til større dyr.

Nana Rise-Lynum