HACHIKO - EIN TRUFAST VEN

Kvar morgon spaserte professor Ueno til togstasjonen Shibuya i Tokyo, Japan. Der tok han toget til universitetet der han underviste i landbruk.

Kvar dag i 9 år, 9 månadar og 15 dagar venta Hachiko på professor Ueno. Han møtte opp presis når toget til professoren var venta inn på stasjonen.

Kvar dag i 9 år, 9 månadar og 15 dagar venta Hachiko på professor Ueno. Han møtte opp presis når toget til professoren var venta inn på stasjonen.

 

Aldri aleine

Han var aldri aleine på denne turen. Ved sida av han gjekk hunden hans, Hachiko. Etter at professoren var vel komen på toget, rusla vennen hans heim. Når professorens tog heim var venta utpå ettermiddagen, var Hachiko på plass. Kvar dag, i sol og i regn. Mange av dei andre faste togpassasjerane merka seg professoren og den trufaste følgjesveinen hans.

 

Professoren kom ikkje

Gleda var alltid stor når Hachiko såg professoren sin att. Begge sette umåteleg stor pris på kvarandre. Og det la dei andre passasjerane merke til.

Men ein dag kom ikkje professoren heim med toget sitt. Hachiko venta og venta, men nei. Han måtte gå aleine heim med halen mellom beina. Professoren hadde fått eit hjernebløding og døydde brått. Han kom aldri heim att.

 

Hachiko ventar

Dette visste ikkje Hachiko, og han heldt fram med å gå til togstasjonen Shibuya. Kvar dag til same tid. Men professoren kom ikkje. Etter at det hadde gått ei tid, var dei som arbeidde på stasjonen, ikkje så begeistra for denne hunden som heile ettermiddagen sat der og venta. Somme kasta stein på han og sparka etter han. Men Hachiko gav ikkje opp.

 

Presis kvar dag

Kvar dag i 9 år, 9 månadar og 15 dagar venta Hachiko på professor Ueno. Han møtte opp presis når toget til professoren var venta inn på stasjonen.

Ein ung journalist hadde også lagt merke til denne trufaste hunden og skreiv ein liten notis om Hachiko i avisa Asahi Shimbun, der han arbeidde. Etter det endra folk syn på hunden, og dei gav han mat og godbitar.

 

Japanske hunderase

Ein av professorens studentar, Hirokichi Saito, var spesielt interessert i den japanske hunderasen akita. Han følgde etter Hachiko og kom heim til gartnaren til professoren, der hunden no budde. Slik fekk han vite det meste om livet til Hachiko. Saito oppdaga at det då fanst berre 30 reinrasa akita-hundar att i heile Japan.

Forteljinga om trufaste Hachiko var med å redda den japanske hunderasen akita frå å døy ut.

Forteljinga om trufaste Hachiko var med å redda den japanske hunderasen akita frå å døy ut.

 

Hachiko blir redninga

Saito besøkte Hachiko og gartnaren stadig vekk og bestemte seg for å redde denne rasen. Ved å fortelje historia om den lojale og gode vennen i fleire nasjonale aviser blei folk interesserte i hunderasen akita. Dette var med på å redde rasen frå å døy ut.

Hachiko er i dag eit symbol for alle japanarar. Foreldre og lærarar fortel barna om denne lojale og trufaste hunden, som er eit førebilete for alle.

På togstasjonen Shibuya kan du sjå ein fin skulptur av Hachiko.


På togstasjonen Shibuya kan du sjå ein fin skulptur av Hachiko.

På togstasjonen Shibuya kan du sjå ein fin skulptur av Hachiko.

Fakta om Hachiko

Hachiko var ein gyllenbrun japansk akita, ein hunderase som på den tida var i ferd med å døy ut. Hachiko var ein hannhund med skulderhøgde på 64 cm og ei vekt på rundt 40 kilo. Hachiko var fødd 10. november 1923 ved byen Odate i eit område som heiter Akita. Han blei funnen død på ei gate i Shibuya 8. mars 1935. Han er gravlagd saman med professor Ueno på gravplassen Aoyama i Minato, Tokyo.

Til minne om Hachiko

I 1987 blei det laga ein film i Japan om Hachiko. Den heiter «Hachiko Monogatari» og fortel historia om den lojale og trufaste hunden.

Ein amerikansk film er laga på bakgrunn av forteljinga om Hachiko: «Hachi. A Dog’s Tale» frå 2009.

I Japan er det reist fleire statuar av Hachiko. Den siste, som vart reist i 2015, viser ein glad Hachiko som møter professoren sin og hoppar lukkeleg mot han. Denne statuen står utanfor arbeidsstaden til professoren, Universitetet i Tokyo.

8. mars kvart einaste år møter hundrevis av hundevenner opp på Shibuya togstasjon for å minnast og heidre Hachiko.

Minibussane som køyrer til og frå Shibuya togstasjon, heiter Hachiko-bussar og er pynta med teikningar av Hachiko. Det er også skrive fleire bøker om Hachiko. Alle japanarar kan sin Hachiko!

Denne statuen står utanfor arbeidsstaden til professor Ueno ved Universitetet i Tokyo, og viser ein glad Hachiko som møter att professoren sin og hoppar lukkeleg mot han.

Denne statuen står utanfor arbeidsstaden til professor Ueno ved Universitetet i Tokyo, og viser ein glad Hachiko som møter att professoren sin og hoppar lukkeleg mot han.

Nana Rise-Lynum