HEIM FOR UHELDIGE KJÆLEDYR

Ein park for mislykka og mishandla kjæledyr

På Gran Canaria finst det ein dyrepark som har spesialisert seg på mislykka kjæledyr og kjæledyr som har blitt mishandla.

 

Tekst og foto: Steinar Steinkopf Sund og Marina Molchanova

 

Kunne du tenkje deg å ha ein ekte nil-krokodille som kjæledyr? Nil-krokodillen er ein av dei største og farlegaste krokodilleartane som finst. Det er sjølvsagt ikkje lov å ha han som kjæledyr, heller. Dei einaste krypdyra som er tillatne som kjæledyr i Noreg, er visse artar av slangar, nokre øgler og skjelpadder. Det er heller ikkje spesielt lurt å ha krokodillar som kjæledyr, men det er mange som prøver likevel. Dei tenkjer nok ikkje på at kjæledyret deira kan bli stort og ganske farleg etter kvart som den søte krokodillebabyen veks og blir eit stort rovdyr. Ein del slike uheldige kjæledyr endar opp i Cocodrillo Park på Gran Canaria saman med andre dyr som er blitt fråtekne eigarane sine. Parken, som ligg utanfor byen Agüimes på Gran Canaria, er vert for mange slags dyr som er stolne eller har blitt mishandla og er blitt funne av SEPRONA (Nature Protection Service), det spanske dyrepolitiet.

Nil-krokodillane liker å halde saman i store flokkar.

Nil-krokodillane liker å halde saman i store flokkar.

 

Dorske krokodillar

I den einaste dyreparken på Gran Canaria får alle desse dyra det bra. I parken finst det om lag 300 krokodillar, og det er faktisk den største krokodillesamlinga i Europa. Ein av krokodillane er heile fem meter lang – så da får han i alle fall ikkje plass i badekaret. I parken finst også amerikanske alligatorar. Dei er ikkje så store og aggressive som nil-krokodillane, men dei er store nok og er nok heller ikkje spesielt godt eigna som kjæledyr.

 

Nesten for kaldt for mat

Dei skremmelege dyra er tydelegvis godt kjende med dyrepassarane sine, og sjølv om dyrepassaren tek seg ein tur inn bak gjerdet for å gje dei mat, så løfter dei korkje på augebryna eller på kjeften og gjer ingen teikn til å angripe. Sjølv om dyrepassaren har med seg eit stort stykke rått kjøtt, verkar dyra ikkje spesielt interesserte. Dyrepassaren forklarer at det kjem av at det er vinter på Kanariøyane. Da er det kaldare enn vanleg, og krokodillane er rett og slett ikkje svoltne, dei er faktisk ganske dorske. Dyrepassaren demonstrerer kva han meiner, ved å slenge kjøttet lett mot krokodillekjeften. Det store dyret orkar så vidt å opne gapet, men å ta imot maten og ete han vart nok litt for anstrengande, så kjøttet blir hengande i kjeften hans ei stund.

Sjølv om dyrepassarane kan gå inn til krokodillane, så er det både farleg og forbode for dei besøkjande å gjere det same.

Om vinteren er krokodillane ikkje særleg svoltne.

Om vinteren er krokodillane ikkje særleg svoltne.

 

Mange dyreartar

Det er ikkje berre krokodillar i parken. Her finst òg ein stor familie med bengalske tigrar, som i røynda er ganske sjeldne. I parken formeirar dei seg, og tigerfamilien er oppseda med omsorg og kjærleik av eigarane av dyreparken og deira stab. I naturen er dei bengalske tigrane nesten utrydda. Den bengalske tigeren finst først og fremst i India, men det finst òg nokre av dei i Bangladesh, Bhutan, Nepal og delar av Kina. Også fleire artar slangar har enda opp i den litt uvanlege dyreparken saman med hjortar, ulike artar av apekattar, papegøyar og andre fugleartar. Kvar dag held parken papegøyeshow for turistane eller skuleklassane som kjem på besøk.

Fleire artar av slangar har enda opp i den uvanlege dyreparken.

Fleire artar av slangar har enda opp i den uvanlege dyreparken.

 

Heim for mishandla dyr

Det er ein familie som driv dyreparken, og det heile starta med at familien Balser vart beden om å ta seg av nokre krokodillar. Den litt spesielle adopsjonen vart vellykka, og sidan har det utvikla seg med fleire krokodillar og fleire dyr. Dyra som kjem til parken, har ofte blitt mishandla av eigarane sine og har vore både svake og sjuke. Men i parken får dei profesjonell pleie og mykje kjærleik, så dei kjem til hektene att. Babu, ein av bavianane, hadde ein trist bakgrunn. Han hadde vore bunden med den same lenkja frå han var svært liten til han var åtte år gamal, og måtte opererast to gongar for å bli frisk og glad igjen.

På denne stranda har du kanskje ikkje så lyst til å bade…

På denne stranda har du kanskje ikkje så lyst til å bade…

 

Open for publikum

Parken vart opna for publikum i 1988, og i dag kjem både turistar og skuleklassar jamleg på besøk. Sidan opninga har familien halde fram med å tilføre nye dyr til parken ved å kjøpe dei frå privatpersonar og sirkus. Dyra formeirar seg fritt i parken, så dei blir heile tida fleire.

Desse to bengalske tigrane, ein hann og ei ho, var svært interesserte i kvarandre.

Desse to bengalske tigrane, ein hann og ei ho, var svært interesserte i kvarandre.


Nana Rise-Lynum