Jenta som ville teikne

Tulla kalla foreldra henne. Ho hadde fem søsken. Tulla vaks opp i ein trygg og god heim. Alle skjøna tidleg at denne jenta hadde eit stort talent. Ho kunne trylle med blyant og fargestiftar.

Like ved barndomsheimen hennar, i eit sommarhus, budde målaren Louis Moe store delar av sommaren. Han var både norsk og dansk. Tulla lika godt teikningane til Louis Moe. Han teikna mellom anna morosame dyr med klede på. Tulla tenkte at når ein vaksen mann kunne leve av slikt arbeid, ja så kunne det vel vere ein sjanse for henne også.

Tulla synte teikningane sine til Louis. Han lika dei godt. Han gav henne gode råd om kva ho skulle øve meir på for å bli endå betre. Solveig tenkte at det var dette ho ville. Ho ville teikne.

Då ho var 14 år, teikna ho for første gong i Norsk Barneblad. Det kom det til å bli meir av, men det visste ho ikkje då.

TussogTroll_1973013.jpg

 

Solveig studerte ved Statens Kunstakademi og arbeidde med både måleri og illustrasjon. Etter kvart blei det mest teikning. Ho blei fast teiknar i Norsk Barneblad. Her teikna ho til forteljingar og anna i bladet.

Dei fleste damer dreiv ikkje med teikneseriar på denne tida, for snart 60 år sidan. Men Solveig gjorde det, og ho var den første som fekk teikneserieprisen frå Kulturdepartementet. Det skjedde i 1973.

Solveig har teikna Smørbukk, prinsesser og troll og svært mykje anna. I dag reknar vi henne som den norske teikneseriedronninga.

Tusenvis av ungar har lese og ledd av Solveigs fine og morosame teikningar. No kan du også gjere det!

Solveig Muren Sanden døydde i 2013. Då var ho 95 år gammal.

 

Smorbukk_1964.jpg
Nana Rise-Lynum