Jordbæra skal på nytt vekse i hagen vår!



Det er stadig færre som lever i ekstrem fattigdom, og mange millionar born blir redda gjennom vaksine og andre enkle helsetiltak.

Hugs det, slik at du ikkje blir altfor trist og lei deg når du skal lese om kva som skjer i Jemen – heimlandet til Wojoud Mejalli. Der blir det verre og verre for kvar dag.

Wojoud Mejalli-5037.jpg


 Sterk arabisk kvinne

Wojoud er fødd i Jemen i 1986. Ho vaks opp i ein familie der det var lov å stille spørsmål høgt. Utdanninga si fekk ho på universitetet i hovudstaden, der ho utdanna seg til tannlege og journalist. Ho representerer den unge generasjonen av velutdanna og politisk engasjerte arabiske kvinner.

Wojoud har markert seg ved å setje rettane til kvinner på dagsorden i Jemen, og ho deltok aktivt i ungdomsopprøret som enda med at regimet gjekk av i 2011. Denne innsatsen førte til at ho i 2012 var i Molde for å få Bjørnsonprisen.

Ho er glad ho no bur i Noreg, eit land der alle får lov til å snakke høgt om alt. Noreg set ytringsfridomen høgt. Wojoud meiner at skal Jemen bli ein sjølvstendig nasjon, må kvinner få lov til å arbeide, og det må bli slutt på at unge jenter må gifte seg. Dei må få utdanning og bestemme over sitt eige liv.

 Byen Saanaa, hovudstaden i Jemen.

Byen Saanaa, hovudstaden i Jemen.

 Høyrer krigen heilt til Noreg

– Då krigen starta i Jemen i mars 2015, vart livet mitt snudd opp ned. Eg budde i fredelege Noreg, medan far, mor og resten av familien levde under bomberegnet. Kvar gong eg ringde og telefonane verka, høyrde eg lyden av bombenedslag og glas som vart knust i huset vårt. Det som ein gong var skulen min og staden der eg utvikla meg som menneske, er bomba av Saudia-Arabia. Sjukehuset der eg vart fødd, er bomba. Til og med gatene der eg øvingskøyrde då eg skulle ta førarkort, er ikkje til å kjenne att. Eg har mista venner og kollegaer. Sjølv om eg ikkje er til stades fysisk, opplever eg krigen. Kvar gong eg ringer familien, høyrer eg på tonen at dei ikkje vil fortelje og uroe meg med ting som skjer.

 

Den gløymde krigen

Mange kallar krigen i Jemen for «den gløymde krigen» fordi det internasjonale samfunnet er meir oppteke av krigane i Syria og Irak. Mange har blitt skada eller mista livet. Mange er på flukt i eige land, og to millionar born har måtta slutte i skulen. Hjelpeorganisasjonane får ikkje inn mat til folket; mange av dei minste døyr av mangel på mat. Prisen på daglegvarer som brød, bensin og medisin har stige til himmels. Verdsorganisasjonen FN meiner at åtte av ti i landet treng mat og helsehjelp. Media syner bilete av born som svelt, foreldre fortvilar når dei ikkje klarer å redde det kjæraste dei har: borna sine. Situasjonen er fastlåst.

 

– Hugsar jordbæra i hagen vår

– Kva hugsar du frå barndomen?

– Eg hugsar hagen vår og jordbæra som vaks der. Kor fine dei var og kor søtt dei smakte i munnen. Eg hugsar leikeplassen og at vi brukte å klatre i trea for å «lånestele» eple og anna frukt frå naboen, og at vi leikespionerte på dei, fortel ho.

I dag er Wojoud gift med ein norsk journalist, har to små born og bur i Oslo. Saman arbeider dei for å fortelje verda kva som skjer i landet. Ho veit av erfaring at det nyttar å heve røysta, å gje beskjed når noko er feil.

 

Frukt og dyr i Jemen

Landskapet i Jemen er variert: frå fruktbart høgland i vest med fiken og sitrontre, til kyst og fjellrike innland i aust. Sjølv om landet har ei lang og spennande historie og gode badestrender, er det ikkje mange turistar der. Det er for farleg, både på grunn av krigen og på grunn av piratar i Adenbukta og Raudehavet.

Det høgaste fjellet, Jabal an Nabi Shu´aib (Fjellet til profeten Shu´aib), strekkjer seg 3666 meter over havet. Det er berre når snøen frå dei høgste fjella smeltar, at det renn elvar nedetter fjellsidene. Kamelar, sau og geit gjev kjøt, mjølk og skinn. Nasjonalretten er saltah, ein slags gryterett av kylling, lam eller sjeldan gong med biff som base. Jemen kunne ha vore eit bra land, men krigen øydelegg for folk og for utviklinga. Jemen har flest unge menneske; rundt 44 prosent av innbyggjarane er under 15 år.

 

Kvifor er det krig i Jemen

Opp gjennom tidene har det vore ulike grupper som har kjempa om makta i området. Det som starta som eit folkeleg opprør under den arabiske våren 2011, utvikla seg til ein borgarkrig og er no blitt ein brutal krig der andre land er involverte. Det er vanskeleg å få oversikt over kven som er venner og fiendar i krigen, fordi det ikkje er mellom to partar, men mellom to lause alliansar som av og til slåst mot kvarandre internt. Opprørarane, som blir kalla houthi, kjempar mot presidenten i landet. Dei vil ikkje at han skal styre landet, og dei er mellom anna usamde om religion.

Eg blir trist og sint når eg ser reportasjar om det som skjer i Jemen, mest av alt fordi det er menneske som bruker makta og posisjonane sine på ein dårleg måte.

– Det er hjarteskjerande å sjå kva som skjer i Jemen i dag, fordi borna mine ikkje kan oppleve Jemen slik eg gjorde det. Det er ei skam for det internasjonale samfunnet at dette kan skje. Dei sterke og mektige mot dei små. Og det er dei små som døyr no, seier Wojoud.

 

Har tru på framtida

Kva tenkjer du om framtida for Jemen?

– Framtida er det ingen som kjenner, svarar ho. – Eg er håplaust romantisk og trur at Jemen vil reise seg att og bli lukkelege Arabia. Fuglen Føniks vil flyge fritt att, seier ho og legg til: – Eg trur at jordbæra på nytt vil vekse i hagen vår, og at borna våre ein gong skal få smake dei, slik eg gjorde.

Fuglen Føniks er eit symbol på oppstoda og håp om siger over døden. Det passar godt å avslutte artikkelen om Jemen med eit slikt håp. Det er flott at menneske som Wojoud, som lever eit trygt liv i Noreg, ikkje gløymer kampen for eit betre liv for dei som er att i heimlandet.

  

Fakta om Jemen:

Jemen vart samla til eitt land i 1990. Det er eit av dei minst likestilte landa i verda, og det fattigaste landet i Midtausten.

Geografi: Jemen ligg heilt på sørspissen av Den arabiske halvøya.

Religion: Muslimar 99 % (sunni 65 %, sjia 35 %), andre 1 % (jødar, hinduar, kristne).

Hovudstad: Sanaa.

Innbyggjarar: ca. 28 millionar.

Språk: Arabisk.

Styreform: Republikk.

 

Vanskelege ord:

Houthi: Gruppa er kalla opp etter ein familie med namn Houthi.

Regime: Styreform; dei som har makta i eit land (oftast brukt om eit statsstyre som ikkje er demokratisk).

Republikk: Når ein president er på toppen av dei som styrer landet. Noreg er eit monarki, fordi vi har ein konge på toppen.

Den arabiske våren i 2011: Opprør i den arabiske verda for å skape eit betre samfunn for dei fattige, arbeidslause og politisk undertrykte.

Ytringsfridom: Handlar om retten til å seie eller skrive høgt og tydeleg det ein meiner, utan innblanding frå dei som styrer landet.

Katastrofe: Ei stor omvelting, ulukke eller øydelegging som fører til mange drepne eller store skadar på menneske.

Tekst: Oddrun Midtbø

Nana Rise-Lynum