KAN VI LAGE GULL?

Kan vi lage gull?

Tidlegare prøvde mange vismenn og kjemikarar å lage gull av uedelt metall. Denne kunsten blir kalla alkymi, men ingen greidde å få det til.

Så seint som rundt 1790 fekk alkymisten August Nordenskjöld støtte av den svenske kongen Gustav den tredje til å eksperimentere for å lage gull. Da hadde dei fleste andre alkymistane gjeve opp for lenge sidan, og Nordenskjöld var sannsynlegvis den siste «offentleg» tilsette alkymisten i Europa.

I dag kan vi lage grunnstoff som gull ved radioaktiv stråling. (Det blir for eksempel danna litt gull i ein vanleg kjernekraftreaktor.) Men gullet må reinsast for alle andre stoff, og prosessen blir difor svært dyr.


Tidlegare prøvde mange vismenn å lage gull av uedelt metall. Denne kunsten blir kalla alkymi, men ingen lukkast!

Tidlegare prøvde mange vismenn å lage gull av uedelt metall. Denne kunsten blir kalla alkymi, men ingen lukkast!

Nana Rise-Lynum