Klimaendringar gir oss uventa funn frå fortida

Klimaendringar gir oss uventa funn frå fortida!

Av Brit Solli

På grunn av eit varmare klima smeltar isbrear og snøfonner raskare enn før.

Isbreane er i stadig rørsle, medan snøfonnene, som for det meste er av is, ligg meir i ro. Ein ting som blir liggande på ei snøfonn, kan bli liggande der i mange tusen år. Men om ein ting blir liggande att på ein isbre, som heile tida rører på seg, vil tingen truleg bli knust. Den 5000 år gamle «ismannen» Ötzi, som blei funnen i Sør-Tyrol i 1991, blei funnen i ei snøfonn som låg i ro.

Hjelp frå reinsdyra

På varme sommardagar går reinsdyra opp til isbrear og snøfonner for å kjøle seg ned og kome seg vekk frå insekt som plagar reinen mykje. Slik har reinen gjort i alle tider, frå steinalderen og fram til i dag. Og sjølv om det var godt å vere på snøfonna, så var det andre farar som lurte der. Reinsdyrjegerane i gamle dagar visste kvar byttet ville samle seg på varme dagar. Dei låg i bakhald.

Skremmepinnar

Vi veit at jegerane låg i bakhald ved Juvfonne, ikkje langt ifrå Galdhøpiggen. Arkeologane har funne hundrevis av fint laga pinnar med sponliknande vimplar. Desse heiter skremmepinnar og blei brukte for å lure reinsdyrflokken til å springe mot jegerane, som låg klar med pil og boge. Dei fleste av desse skremmepinnane er om lag 1500 år gamle. Og dei har dukka opp no når isen har smelta.

Gamle sko og ski

Det er heilt spesielt med funn i is. Isen bevarer så godt at vi har funne fine, skjefta piler med styrefjør, 1700 år gamle klesplagg, knivar med fine skaft, ullvottar og sko frå vikingtida. Ja, den eldste skoen er om lag 3300 år gammal og er frå bronsealderen. I Reinheimen dukka det opp ei ski som er 1300 år gammal. I Oppdals-fjella har ein funne piler med skiferspiss frå yngre steinalder. Så då veit vi at dei jakta der også, for 5000 år sidan.

Må vere raske

Vi har dårleg tid. Når ein ting smeltar fram frå isen, startar nedbrytinga med ein gong. Så då hastar det både med å finne tingen og få han trygga så han ikkje berre smuldrar opp. Di meir ei snøfonn tinar, dess eldre er det vi kan finne.

Mange funn

Over 2500 funn er leverte inn til Kulturhistorisk museum i Oslo sidan 2006.

Brit Solli er professor i arkeologi ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo

NB! I artikkelen som er trykt i bladet har Norsk Barneblad sjølv lagt til at "dersom du eller en venn gjer eit funn må de ta foto av funnet og funnstaden. Noter dykk nøyaktig kvar de fann tingen og ta tingen med til ditt lokale museum". DET SKAL DU IKKJE GJERE!

Artikkelforfatter Brit Solli fortel oss at du skal helst la tingen ligge (den kan vere svært skjør!!!). Du skal ta foto, og posisjon. Lever denne informasjonen til arkeologane i fylkeskommunen.

Nana Rise-Lynum