Er ei "god" bok god for både barn og vaksne?

Bobla av Siri Pettersen

Terningkast 5[AS1] 

 Meldt av Laura, skuleelev og glad i bøker

«Bobla» handlar om Kine. Ho er lei av alt og alle. Ho har berre lyst til å vere i fred, heilt aleine. Ein dag finn ho ei boble på kyrkjegarden. I løpet av natta har bobla blitt så stor at ho kan gå inn i den. Det er ingenting som kan skade bobla. Berre Kine kan gå inn og ut. Men bobla blir berre seigare og seigare, og til slutt blir Kine fanga inne i bobla, saman med ei dokke som prøver å drepe henne.

Denne boka var lett å forstå. Det er saker og ting i boka som ikkje finst, som er fantasi. Slike bobler finst jo ikkje, og ikkje dokker som kan drepe oss heller. Men det som hender i boka, blir likevel «ekte», og eg trur på det. Det var ikkje for mange personar, og språket var lett å lese. Noko av det som driv forteljinga framover, er den spennande indre handlinga. Eg kunne vore Kine. Ho tenker at alle er så dumme, men etter kvart forstår ho at heller ikkje ho er like snill og grei heile tida. Det går opp for henne at vennane hennar bryr seg om henne. Det er ein fin moral i boka. Ytre handling er bobla og kampen for å kome seg ut før dokka drep henne. Ja, dokka er interessant fordi ho får Kine til å minnast mykje ho hadde gløymt av alt det dumme ho har gjort. Og det er desse minna som får Kine til å bli eit betre menneske. Denne spenninga i både ytre og indre handling heldt heile boka ut. Ja, handlinga var godt motivert og eg forstår meg på Kine. Eg anbefaler «Bobla» for alle mellom 8 og 14 år, og vaksne.

Bobla får terningkast 5.

Laura

 

Bobla av Siri Pettersen

Terningkast: 2

Meldt av Guri, kritikar, barne og ungdomsbøker

 

Denne boka smakar tran … men det er sikkert sunt å få vite korleis du kan bli snillare.

 

Kine (12) er lei av alt ho blir tvinga til å gjere berre fordi ho er eit barn. Ho vil verkeleg ikkje drikke lettmjølk eller ha symjing eller opptre på juleframsyning med englevengar. Eg hugsar godt kjensla av ikkje å få bestemme over mitt eige liv. Så sjølv om eg er vaksen no, heiar eg på protestane til Kine. Det burde eg visst ikkje ha gjort. Forfattaren vil nemleg ha både Kine og meg til å forstå at den som protesterer mot slike bagatellar, er skikkeleg ego. Kor skuffa eg blei over denne boka!

 

For Kine nyttar det ikkje å protestere mot foreldra og lærarane. Dei vil ikkje høyre. Da rømmer ho inn i ei diger boble som ingen andre kjem seg inn i. Der kan ho få alt ho ønskjer seg. Når ho går lei av nye sminkesaker eller klede, kastar ho det berre i do. Ho brukar og kastar. Så får ho dårleg samvit. Ho tenkjer på alt det galne ho har gjort. Alt! Har du stole karamellar i butikken nokon gong? Da er du ikkje aleine, for det har Kine gjort òg. For å komme seg ut av bobla må Kine bli mindre ego: «Ikke rart hun hadde havnet i bobla, hun hadde gitt blaffen i andre og bare sett seg selv.»

 

På ein måte er det fint at Kine vel å bli eit betre menneske. Men hugs at bakom henne sit ein vaksen forfattar som bestemmer. Ho bestemmer at Kine skal bli kjempegrei og seie slike fornuftige ting som at «noen ganger gjør man ting man ikke liker fordi andre trenger det». Eg trur ikkje på at Kine eigentleg har lyst til å bli supersnill berre fordi ho innser at ho sjølv ikkje alltid er så grei som ho burde. Ho blir grei sjølv mot foreldra og lærarane. Er det ikkje urettvist at ho må oppføre seg betre utan at dei vaksne må det?

 

Moralen er: Du skal ikkje irritere deg over andre – for du er ikkje noko betre sjølv. Eg synest slike beskjedar smakar tran. Da hjelper det ikkje at forfattaren skriv ganske morosamt. «Bobla» er ei slik bok eg berre orkar om eg held for nasen medan eg tenkjer hardt på kor sunn ho er. Det held berre til terningkast to frå meg.

 

 

 

Nana Rise-Lynum