Kvar 14. dag kjem eit språk til å døy

I heile verda blir det i dag snakka rundt 7000 ulike språk. 2 895 språk er i fare. Berre i India er det 700 ulike språk. Mange av desse står i fare for å døy ut. Det er trist, for kvart språk inneheld heile kulturen til folka som snakkar det. Mange av dei indiske språka finst ikkje som skriftspråk, og slik døyr dei verkeleg ut når det siste mennesket som kan snakke det, døyr bort.  40 prosent av språka i verda er i fare og mange er snakka av mindre enn 1000 personar.

I eit språk finst det ei mengd nøklar til dører som er stengde utan kunnskap til språket. Bak desse dørene finn vi økologisk visdom, kunnskap om ukjende medisinplanter, gamle forteljingar og historiske fakta, mattradisjonar, musikktradisjonar og mykje, mykje anna. Informasjon som berre forsvinn dersom språket forsvinn. Og då er alt det språket bar av skattar og løyndomar, også tapt for alltid.

Mange barn og unge går på skulen og får undervisninga på eit anna språk enn det lokale språket sitt. Dei lærer å lese og skrive på til dømes engelsk eller hindi. Slik er det i India. Og når dei blir vaksne og går ut i arbeidslivet, blir ofte arbeidsspråket det same som det dei lærte på skulen. Sakte, men sikkert blir det færre og færre som kan snakke det lokale språket. Til slutt kjem ein dag då ingen lenger kan det.

Meir enn halvparten av alle i verda snakkar eit av dei 23 mest brukte språka.

Det har alltid vore slik at språk døyr ut, men i dag skjer det så utruleg mykje raskare enn før. Språkforskarar trur at i løpet av det neste hundreåret kjem halvparten av alle språk i verda til å døy ut. Kvar 14. dag vil eit språk døy.

Kjelde: www.ethnologue.com

 

Nana Rise-Lynum