LAG PÅ LAG

Kva dreiv dei med? Dei som var her før oss? Kvar gong det skal byggast noko nytt som krev graving og roting djupt ned i jorda må det passast på. Folk har budd her før oss og mykje ligg gøymt i jorda. Lag på lag med levd liv.

Slik ser det ut på ei utgraving. Dette er frå Gamlebyen i Oslo og før bygging av Follobanen. Det er både gravemaskiner og spader og hakker i sving. Når dei finn noko må dei til og med bruke børster for ikkje å skade gjenstanden. Foto: Thomas Wrigglesworth/NIKU

Då NSB skulle bygge Follobanen gjennom Gamlebyen i Oslo, fekk arkeologar i oppdrag å sjå kva dei kunne finne før bygginga tok til. Arkeologane grov seg ned i jorda. Dei fann restar av svært mange hus. Dei fann det som må ha vore gater i byen som ein gong stod der. og dei fann restar av vassrøyr og brønnar, spor etter dyrka mark, innhegningar for dyrehald. og ikkje minst tusenvis av gjenstandar som fortel oss noko om dei som budde der.

Arkeologane frå NIKU, Norsk institutt for kulturminneforskning, fann mange ting som lærte oss endå meir om dei som budde i Oslo før oss.

Det er mykje å finne nedi jorda for den som leitar der. I Gamlebyen i Oslo har arkeologar leita i jorda i mange år. Meir enn 30 arkeologar har drive på. Leitar dei etter skattar?

- Vi leitar i jorda etter den gamle historia i Oslo, fortel Sara Langvik Berge frå NIKU. Men finn dei ein skatt, synest dei det er berre fint. Det er spennande å finne noko som ingen har sett før.

Ho og dei andre arkeologane dreiv og grov i Gamlebyen fordi det skal leggast ein ny jernbane der. Då er det best å sjekke først, om det ligg noko verdifullt og spennande nedi bakken.

Fløytelåt i gamle dagar: Slike funn i jorda er spennande, fortel arkeolog Sara Langvik Berge. Her held ho fram fløyta arkeologane fann i Gamlebyen i Oslo. Foto: Thomas Wrigglesworth/NIKU

Fløytelåt i gamle dagar: Slike funn i jorda er spennande, fortel arkeolog Sara Langvik Berge. Her held ho fram fløyta arkeologane fann i Gamlebyen i Oslo. Foto: Thomas Wrigglesworth/NIKU

Ein dag fann dei ei gammal fløyte. Dei kunne blåse i fløyta, men det kom ingen lyd. Ikkje rart, etter mange hundre år. Det mangla eit munn-stykke.

Fløyta er laga av bein, bein frå ein sau. Når vi grev i jorda, så ser vi jo det vi finn. Og så kan vi lukte. For det luktar av jorda. Men no kan vi tenkje oss lyd også, lyden av ei fløyte som er 700 år gammal. og så kan vi jo lage ein kopi, så vi høyrer lyd. Skal lure på kva dei spelte på den fløyta?

Nana Rise-Lynum