Nifs dinosaur funnen!

Den nyoppdaga dinosauren var planteetar og ein fredeleg fyr. Men det skulle du  ikkje tru når du ser teikningar av korleis han truleg såg ut. Han er 5,5 meter lang. Fullt pansra og med horn nedetter ryggen såg han ikkje særleg fredeleg ut. Dinosauren vog om lag 1300 kilo.

Dinosauren er stilt ut på Royal Tyrrell Museum i Alberta, Canada. Han er eit av dei mest spektakulære skjeletta som er blitt oppdaga dei siste ti åra. Nesten alle knoklane er på plass. Noko av huda til dinosauren er også bevart. Slik veit vi at han var brunraud på farge.

Dinosauren var lysare på undersida av kroppen enn på ryggen. Det blir kalla motskugge og er ein måte å kamuflere seg på. Berre tenk på til dømes eit piggsvin, ein hjort eller eit ekorn. Alle er lysare på undersida fordi det gjer det vanskelegare for rovdyr å sjå dei.

At dinosauren var planteetar og hadde lysare underside enn ryggside, er overraskande. Det viser at denne svære og nifse dinosauren var eit byttedyr. Det fortel oss at dei kjøtetande rovdyra som åt denne dinosauren, måtte vere kjempedigre, svært farlege og skikkeleg glupske.

Dinosaurskjelettet blei funne heilt tilfeldig. Under arbeid ved ei stor gruve i Alberta oppdaga ein av gruvearbeidarane noko uvanleg ved nokre fjellformasjonar. Han ringde til det lokale museet, og dei forstod raskt at det var tale om ein dinosaur.

Dinosauren har fått namnet Borealopelta markmitchelli, og han levde for om lag 110 millionar år sidan.

Kjelde: videnskab.dk, forskning.no og Royal Tyrrell Museum of Palaeontology

Teikning frå Royal Tyrrell Museum

Nana Rise-Lynum