NORD + SØR = KOREA

Kan Nord-Korea og Sør-Korea bli venner att? I nesten 70 år har dei vore uvenner. Men våren 2018 skjedde det eit møte som overraska heile verda.27. april 2018 møtte dei to leiarane kvarandre for fyrste gong. Det skjedde i grensebyen Panmunjom.

Leiaren av Nord-Korea Kim Jong-un, og presidenten i Sør-Korea Moon Jae-in, tok kvarandre i hendene, klemte kvarandre og sa: «Vi erklærer høgtidleg, overfor våre 80 millionar koreanarar og verda, at det ikkje vil vere meir krig på den koreanske halvøya. Ein ny æra av fred har starta!»

Koreahalvøya ligg mellom stormaktene Kina og Japan. Det har prega historia til landet i mange hundreår, men no handlar det om Nord-og Sør-Korea kan samarbeide tett og kanskje bli eitt land att i framtida.

Høgtalarar på full guffe

Sør-Korea har i fleire år hatt høgtalarar plasserte like ved grensa til Nord-Korea. No har dei fjerna høgtalarane som spydde ut musikk, nyhende og propaganda. Nokre dagar etter fjerna Nord-Korea sine høgtalarar. Sør-Korea har hatt desse høgtalarane fordi dei vil fortelje folk i nabolandet kva som skjer i verda. Nord-Korea er rekna for å vere eit av dei strengaste diktatura og mest isolerte samfunna i verda. Det er Kim som bestemmer alt; også kva folk skal få vite om. 

Mange positive handlingar

Etter møtet i april har dei to leiarane gjort mange ting saman: Dei planta tre som skal symbolisere fred. Nord-Korea stilte klokka ein halv time fram, slik at dei to landa har lik tid att. Dei signerte ulike avtalar: Dei vil jobbe for at Koreahalvøya skal bli fri for atomvåpen, men då må USA slutte å sende fly og skip lasta med atomvåpen til Sør-Korea. I starten av juni skal presidenten i USA, Donald Trump, møte Kim. Det er mange som er spent på korleis det møtet kjem til å gå.

Konflikten splittar familiar

- Det er ingen grunn til at vi skal slåst med kvarandre. Vi er eitt land, sa Kim Jong-un i ein tale på det historiske toppmøtet. Delinga av Korea har skilt millionar av nære slektningar frå kvarandre over mange tiår. Dei to landa har late utvalde familiar møte kvarandre nokre dagar, men mange millionar menneske er blitt splitta av grensa, som er nesten umogeleg å krysse.

Du kjenner kanskje til Aust- og Vest-Tyskland som var splitta i 41 år etter andre verdskrig? I 1990 reiv dei murane og vart eit stort, samla land att, Tyskland. 

 

Iona Kim 11.jpg

Kva meiner ungdomen i Sør-Korea?

Ein sommar for nokre år sidan kom ein journalist frå Sør-Korea innom kontoret mitt, fordi ho ville sjå kunstutstillinga eg hadde i galleriet. Vi vart venner på Facebook. Eg er nysgjerrig på kva folk i Sør-Korea meiner om det som skjer mellom landet hennar og naboen i nord. Eg sender melding til Kim Eri på Messenger. Ho legg spørsmåla mine ut på FB-sida si og eg får svar av journalist Kyung Sook Lee (21 år).

Ho hugsar godt korleis det var då ho var mellom 8 og 12 år.

- Eg hadde, og har framleis, delte kjensler og oppfatningar om naboen vår i nord. På skulen sa dei alltid at Nord-Korea er ein del av familien vår, og at vi ikkje måtte gløyme kor viktig det er å bli samla att i framtida. Nyhenda fortalde alltid om den militære konflikten mellom dei to landa, men eg oppfatta likevel ikkje desse nyhenda som ein trussel. Sikkert fordi konflikten har vore i så mange år, og det verka som om ingen av dei vaksne rundt meg brydde seg eller var bekymra.

Haris Kim 9.jpg

Barna teikna i glede

Då eg starta å sjå på CNN, for å lære meg engelsk, vart eg overraska over kor ofte dei rapporterte frå Nord-Korea. Oftare enn nyhende frå mitt land, skriv ho i svaret sitt. Ho skriv på engelsk, ettersom eg ikkje kan koreansk. Ho seier ho har ei venninne frå Sør-Korea, men som no bur i Japan med familien sin.

- Barna vart SÅ glade då dei såg på TV dei to mennene tok kvarandre i hendene, at dei teikna plakatar for å feire dette historiske møtet. Vi håper og ber for at denne stemninga vil leie fram til fred. Ikkje meir krig, ikkje meir smerte på Koreahalvøya, skriv mamma til dei to barna; Jiin Yoo, og sender over teikningane frå Iona (11 år) og Haris (9 år). Medan eg skriv på denne artikkelen har eg fått meg nye venner i både Sør-Korea og Japan.

Samtale er beste medisin mot krangel

Uansett om det er ein liten eller stor konflikt, om det er mellom deg og ein på skulen, eller det er mellom vaksne med mykje makt, er det viktig at vi våger å møtast og å snakke saman.

Denne gongen tok det nesten 70 år. Det skal bli spennande å følgje med på forsoning og samarbeid på Koreahalvøya framover.

 

Fakta:

Etter andre verdskrig i 1945 vart Korea delt, og i 1948 vart landet gjort om til to sjølvstendige statar.  Dei har utvikla seg i kvar sine retningar.

Nord-Korea, er isolert og fattig med rundt  25,3 millionar innbyggjarar. Den same familien har styrt heile tida. Kim er den tredje Kim som leiar; etter far og bestefar. Kina og Russland er støttespelarane til Kim. Det er berre folk som har klart å flykte frå landet som kan fortelje om korleis livet er i det lukka landet. Og det er ikkje positive historier vi får høyre.

Sør-Korea har rundt 51,2 millionar innbyggjarar, og er eit moderne demokrati som er ope mot resten av verda. Landet er eit av dei rikaste i Asia. USA støttar og har mykje samarbeid med Sør-Korea.

 

Vanskelege ord:

Propaganda: Når nokon prøver å lure deg til å tru noko anna enn det som er sant, ved å halde talar, bruke foto eller film som får deg til å tru på det og ha lyst å bli ein del av det. Viktig å tore å stille spørsmål til om det er fakta.

 

Isolert: Stengt inne eller stengt ute frå omverda. Åleine.

 

Demokrati: Folkestyre. Dei vaksne i landet vel folk som skal utforme lover og ta viktige politiske avgjerdsle. Innbyggjarane i landet kan også sjølv delta i utforminga av politikken.

 

Diktatur: Når ein person (diktator) bestemmer over alt og alle. Liten eller ingen fridom for den enkelte innbyggjar.

Av Oddrun Midtbø

 Å lage kjempedigre statuar av leiarane sine er typisk i diktatur. Eit symbol på makt! Vanlege folk kjenner seg små. Dette er statuar frå Nord-Korea.

Å lage kjempedigre statuar av leiarane sine er typisk i diktatur. Eit symbol på makt! Vanlege folk kjenner seg små. Dette er statuar frå Nord-Korea.

 

 




Nana Rise-Lynum