Oppfinnar - eit yrke for deg?

Ein oppfinnar er ein person som finn på eller oppdagar nye måtar å utføre ei oppgåve på. Så kva skal til for å finne opp noko nytt? Mange oppfinningar kjem til ved flaks og tilfeldige hendingar. Enkelte oppfinningar dukkar opp medan du prøver å finne opp noko heilt anna. Dei fleste oppfinningar blir skapte fordi du har eit problem du ville finne ei løysing på. Kanskje noko du vil forbetre eller noko som ikkje finst enno, men som du har tenkt ut. Det er mange vegar fram til ei ny oppfinning.

Kanskje tenker du at no er alt funne opp? At du er for seint ute? Men det er du aldri. Det kjem nye oppfinningar stadig vekk. Store og små. Det blir funne opp nye ting i alle yrke og overalt. Det gjeld å bruke fantasien og dei kunnskapane du har. Å vere ung er bra. Då tenkjer du ikkje at ting er heilt umoglege eller for vanskelege. Unge menneske har ofte akkurat den fantasien og optimismen som skal til for å finne på noko heilt nytt.

Praktiske oppfinningar vi brukar kvar dag

Mange oppfinningar er rett og slett problemløysarar i daglegliva våre. Desse les vi ikkje ofte om, og vi tenkjer kanskje ikkje over dei heller. Dei er berre i liva våre som sjølvsagde ting. Men nokon har funne dei opp!

Vindaugsviskar

I 1903 fann Mary Anderson frå Canada opp vindaugsviskarane. Ho fekk ideen då ho såg ein togførar som opna vindauga for å tørke av snøen som hindra sikta. Firmaet ho viste fram ideen sin til, var ikkje så interessert. Dei meinte det var unødvendig. Men Mary gav ikkje opp, og berre ti år seinare hadde alle bilar og tog vindaugsviskarar.

Oppvaskmaskina

Det blei ikkje vanleg med oppvaskmaskiner i heimane før ut på 50-talet. Men faktum er at Josephine Cochrane frå USA laga den første oppvaskmaskina allereie i 1893. Ein oppvaskmaskin-fabrikk starta i 1897 og leverte maskiner til restaurantar og hotell.

 

Solvarme

Maria Telkes frå Ungarn forska på solenergi og fann opp det første solvarmeanlegget i 1947.

 

Reknemaskiner

Ada Lovelace var den første programmeraren. Ja, i tilfelle du er jente og tenker at jenter ikkje kan slikt. Ada var den første til å gjere dette. Allereie på 1830-talet skreiv ho eit program for den første digitale reknemaskina, som er forløparen til datamaskinene. Ho foreslo at datamaskiner ville kunne lage musikk og grafikk og kunne nyttast til både praktiske og vitskaplege føremål. Og Ada fekk rett!

 

Hjulet

Dei fleste er samde om at hjulet er den eldste og viktigaste oppfinninga. Hjulet blei funne opp for om lag 7 tusen år sidan i Irak. På ei leirkrukke frå Polen frå om lag 5500 år sidan finn vi det første biletet av ei vogn med fire hjul.

 

Alfabetet

For om lag 4700 år sidan hadde egyptarane utvikla eit system med 24 teikn eller hieroglyfar for å skrive ned bodskapane sine. Dette er starten på alfabetet.

 

Fyrstikk

I Kina var det ein smarting som kom på å dyppe små furupinnar i svovel. Så blei det lettare å tenne opp eld. Dette skjedde allereie på 500-talet. Dei første fyrstikkene, slik vi kjenner dei, blei funne opp av engelskmannen John Walker. Han var kjemikar.

 

Jarn-spikrar

I Bibelen kan vi lese at kong David bestemte at spikrane ein skulle bruke til å bygge Salomos tempel med, skulle vere av jarn. Vi veit at spikrar var i bruk så langt tilbake som i romartida, for om lag to tusen år sidan.

 

Solbriller

For å beskytte auga sine frå sterkt og blendande sollys brukte kinesarar flate ruter av røykfull kvarts, ein delvis gjennomsiktig stein. Dette var dei første solbrillene i verda, og det skjedde på tolvhundretalet.

 

Linjalen

Linjalar laga av elfenbein var i bruk i Egypt for 3500 år sidan eller endå lenger tilbake i tid. Linjalen hadde rett desimalinndeling og var svært nøyaktige. Urgammal murstein frå same området har mål etter linjalane.

 

Internett

Dette er inga veldig gammal oppfinning, men ei oppfinning som på kort tid har forandra verda. Det starta i USA med noko ein kalla ARPANET i 1969. Dei første store datamaskinene blei kopla saman i eit nett. Dette blei gjort for å betre alt forskingsarbeidet som blei gjort for det amerikanske forsvaret. Rundt 1990 blei dette nettet opna for alle, og det vi tenker på som Internett, var oppfunne. Etterpå gjekk utviklinga rivande fort. No er det ingen av oss som kan førestille oss eit liv utan mobilar, nettbrett og datamaskiner, alt kopla saman med resten av verda.

Nana Rise-Lynum