Plast!

Dette er eit problem for heile verda. Kva kan vi gjere? Styresmaktene i mange land er klar over dette problemet, og mange land lagar eigne handlingsplanar for å unngå «marin forsøpling». Kvar og ein av oss må også tenke på kva vi kan gjere. Søppelet har ikkje hamna i sjøen av seg sjølv. Så vi må alle passe på at vi kastar søppelet vårt der det skal kastast – ikkje i elva, ikkje på bakken og ikkje i sjøen.

Handleposar i stoff er inga stor greie, men smart for å unngå å bruke plastposar! Plast er ein versting og plastposar blir no forbode i land etter land. Om alle tenkte litt på slike smarte løysingar i kvardagen, så kunne mange plastsaker vore unngått. Ikkje minst skulle eg ønskje at matprodusentane brukte mindre plastemballasje. Kvifor skal epla eg kjøper, vere pakka fire og fire i plastbrikker med plast over seg? Heilt unødvendig – berre fordyrande og forsøplande!

Før i tida var plast noko fantastisk. Eit materiale du kunne bruke til alt slag. Billig å produsere, slitesterkt og brukarvennleg. Plast var rett og slett ei skikkeleg bra oppfinning – tenkte vi før. Plast var framtida! No tenker vi ikkje det lenger. For det som er så bra med plast er også det som er så farleg med plast. Det er så rimeleg å lage at vi lagar altfor mykje av det. Det er så slitesterkt at det ikkje forsvinn frå naturen. Plast finn du ikkje berre i plastposar, matboksar og slike typiske plastgreier. Plastmateriale blir også brukt i mykje som vi ikkje tenker på som plast. I tyggegummien din, i sportskleda dine, i tannkremen din, i kunstgrasbana og i mykje anna.

Som eit lite eksperiment kan du sjå deg rundt der du er akkurat no. Frå kontorstolen min ser eg dette: 2 datamaskinar, tastatur og mus, 2 papirbøtter, 2 kontorstolar, 2 telefonar, massevis av permar, 8 bokstøtter, 1 linjal, 2 fotorammer, 4 plastflasker, 3 blomsterpotter, 1 kalkulator, 1 skrivebordsunderlag, diverse plastomslag og plastposar og 1 lampe. Alt dette er heilt eller delvis laga av plast. Kor mange plastsaker kan du sjå der du sit?

I Norsk Barneblad mai 2017 så skriv vi om plast. Korleis det blei oppfunne, kvifor det er så bra og kvifor det er så farleg for verda vår.

Nana Rise-Lynum