Politikk

Politikk er ikkje så vanskeleg. Kommunen får inn pengar frå skattar og avgifter. Desse pengane skal ein bruke på viktige oppgåver i kommunen. Skule, musikkskule, aktivitetstilbod som SFO og anna, alders- og sjukeheimar, barnehagar og bussruter og mykje anna.

Politikk er kva ein skal bruke desse pengane på, og det betyr noko for oss alle. Ja, det betyr faktisk noko for deg som er barn, sjølv om du ikkje får stemme enno.

Om skulen får ny gymsal eller ikkje, er politikk. Om skulen eller kanskje musikkskulen blir lagd ned eller får meir pengar, er politikk. Om fritidsklubben får vere open lenger eller må stenge før, er politikk. Slik kan vi halde på.

Mykje i livet ditt er bestemt av politikarane, dei lokale i kommunen din og dei som sit i regjeringa og på Stortinget.

 

Kven skal ein gi stemma si til?

Først må du finne ut kva du sjølv meiner, og kva du meiner er dei viktigaste sakene for deg. Så kan du lese i dei ulike parti-programma og sjå kva partia meiner. Då kan du kanskje finne ut kva parti du er mest samd med.

I kommuneval kjenner du kanskje ein eller fleire av dei som stiller til val. Då kan du snakke direkte med dei og høyre kva dei vil gjere om dei blir valde.

Du bur kanskje i ein kommune der ei sak har blitt så viktig for folk at dei stiller med eiga val-liste for denne saka. Bompengar er ei slik sak.

 

politikk takk mai Lindberg.jpg

Demokrati eller folkestyre

Vi er utruleg heldige som bur i eit demokrati – eit land der alle har rett til å seie si meining. Eit land der alle kan stille til val og vere med på å bestemme. Det er viktig å ta vare på dette. Vi treng flinke og ærlege politikarar som kan gjere denne viktige jobben. Om ikkje forsvinn demokratiet vårt, sakte, men sikkert. Det er ingen av oss tente med.

 

 

Barn og politikk

Miljøpolitikk er viktig. Greta Thunberg frå Sverige er eit barn, men det har ikkje stoppa henne frå å bli ein viktig miljø-politikar. Hennar arbeid for klimapolitikken har nådd heile verda.

Så ikkje tenk at politikk er noko berre vaksne kan drive på med. Sjølv om du ikkje kan stemme, betyr di stemme noko om du brukar ho.

 

·        Skriv lesarinnlegg

·        Snakk med vennar og vaksne

·        Bruk Internett til å seie di meining

·        Engasjer deg i elevrådet på din skule

 

 

Ordforklaringar 

kommune: område med eige politisk styre (kommunestyre) og eigen administrasjon, og som har ansvar for barnehagar, grunnskular, bibliotek, eldreomsorg, kultur, lokale vegar og anna innanfor området

fylkeskommune: område med eige politisk styre (fylkesting) og eigen administrasjon, og som har ansvar for vidaregåande skular, tannhelse, fylkesbibliotek og anna

politisk parti: organisasjon med ei gruppe menneske med felles politiske meiningar

partiprogram: liste med saker som viser kva eit politisk parti vil arbeide for

regjering: styre som består av statsministeren og statsrådane; styrer landet i det daglege, i samsvar med det Stortinget bestemmer

Stortinget: nasjonalforsamlinga i Noreg, som består av 169 folkevalde stortingsrepresentantar; er øvste folkevalde organ, vedtek lover og løyver pengar over statsbudsjettet

 Illustrasjon: Mai Lindberg

Nana Rise-Lynum