Sjimpansen som blei astronaut


Tekst: Marie Borgen Hellerud

Astronaut-sjimpanse

Ham er berre ein baby då han må forlate mor si i jungelen. Ein dyrepassar tek med seg den vesle sjimpansen heile vegen frå Kamerun i Afrika til ein gard i Florida i USA. Her skal han bu og trene saman med 40 andre sjimpansar. Alle blir testa for kor godt dei reagerer på lys og lyd. Dei som klarar oppgåvene på kortast tid, får godbitar med banansmak. Den venlege sjimpansen Ham lærer lynraskt og blir fort ein favoritt. Ingen av forskarane er i tvil: Dette er den første astronaut-sjimpansen i verda.

Den store dagen

Den store dagen er komen. Ham får på seg romdrakt og bleie og blir spent godt fast i kapselen som skal føre han opp i verdsrommet. Når dei raude, kvite og blå lysa blinkar, må han dra i riktig handtak på kortast mogleg tid. Klarar han det? Den spesialtrente sjimpansen blir skoten opp mot himmelkvelvingen heilt aleine. I 16 minutt og 39 sekund svever han rundt i verdsrommet. Forskarane følgjer spent med på korleis han har det, gjennom eit kamera. Går alt bra? Etter ei stund landar romkapselen til Ham i Atlanterhavet og blir plukka opp av eit redningsskip. Sjimpansen verkar litt redd, men er uskada. Smilet kjem fram då han får ein klem og godbitar med banansmak, det beste han veit. Oppdrag utført.

Kjendis

Det tek ikkje lang tid før Ham blir ein kjendis. Både barn og vaksne har sett han på TV, og dei kjem i hopetal til dyrehagen i Washington for å ta bilete av seg sjølv saman med astronaut-sjimpansen. Dei heldigaste får til og med fingeravtrykket hans som autograf. Men livet som kjendis er einsamt og trist for Ham. Ikkje er det andre sjimpansar å leike med, og han får sjeldan vere i fred. Etter ei stund blir han derfor flytt til ein annan dyrehage. Der ventar ein heil sjimpanse-flokk, og smilet kjem raskt tilbake igjen.

Modige Ham

Etter Hams tur i verdsrommet skjønar forskarane at det ikkje er farleg å vere vektlaus. Like etter kan dei første astronautane reise i bane rundt jorda. Alt takka vere ein modig, liten sjimpanse ved namn Ham.

Ham_NASA2.jpg

 

Sjimpansar

·         Sjimpansar og menneske har 97 % like genar (arvestoff)

·         Det finst 170 000–200 000 sjimpansar i verda

·         Dei et frukt og grønsaker, maur og larvar

·         Dei søv i reir i trea

·         Dei likar å stelle pelsen til kvarandre

·         Dei er utryddingstrua. Trea i jungelen blir hogne ned,

og sjimpansane blir jakta på

 

Slik gjekk det med Ham

«Verdas første astronaut-sjimpanse» står det på grava til Ham. Den ligg ved Museet for romfartshistorie i New Mexico, USA. Ham døydde 27 år gammal i 1983. Grava hans blir ofte besøkt, og mange legg ned bananar til minne om den modige sjimpansen som reiste ut i verdsrommet.

Visste du at …

Animasjonsfilmane «Space Chimps» frå 20th Century Fox (2008 og 2010) om Ham III, sirkus-sjimpansen som reiser til verdsrommet, er inspirert av den verkelege Hams historie.

Kjelder:

http://time.com/3456378/life-with-the-astrochimps-early-stars-of-the-space-race/

http://www.monkeyinspace.net/chimps-in-space/ham-the-chimp/

https://www.spaceanswers.com/space-exploration/heroes-of-space-ham-the-chimpanzee1/

https://www.janegoodall.org

Nana Rise-Lynum