Smørbukk jula 2017

Jula nærmar seg og Smørbukk skal kjøpe rosiner til julebaksten heime.  Eit enkelt oppdrag skulle ein tru, men slik blir det ikkje. Å vere ein hjelpsam kar kan føre til så mangt.

Her er det forvekslingar av så mange slag, pizzalevering som går skeis, uhell med frakt av fiskeavfall eller bioavfall som det så fint heiter, ein laushund som tøysar alt til, ein bjørn som blir vekt frå dvalen sin og den vanlege priskrigen på juleribba. Men til slutt blir det velfortente julebollar med rosiner på Smørbukken vår!

Du får også forteljinga om Smørbukk frå 1967 med i juleheftet.

Smørbukk er teikna og fortalt av Håkon Aasnes.

Nana Rise-Lynum