Stamceller - kroppens superheltar!

Dinosaurar viste veg

Frå Øystein Runde var liten, elska han dinosaurar. Når han såg dinosaurar i leksikon, bad han mor si om å teikne dei for han så han kunne ha dei på veggen sin. Etter kvart oppdaga han at han også kunne teikne ting sjølv, og då var det gjort.

 

Planet med kattevesen

Som seksåring fann Øystein opp ein eigen planet der det budde supersterke, søte små kattevesen. På planeten budde det også ein vond vitskapsmann med kvit frakk og skumle, spisse tenner. Han var heile tida ute etter å øydelegge planeten sitt gigantiske magiske tre, Gorcantus, som var så stort at ein kunne sjå det frå verdsrommet. Øystein teikna alt som fanst på denne planeten og gav dei ulike kattane kvar sin personlegdom.

Dei første teikneseriane

I fjerde klasse fekk Øystein og dei andre kvar si kladdebok som dei kunne bruke som dei ville. Øystein var ikkje sein om å fylle si kladdebok med dei første skikkelege teikneseriane sine. Det var starten. (I dag har Øystein laga ein haug med seriar og gitt ut tjukke bøker. Men det starta altså med ei kladdebok.)

DNA i dinosaurblod

Så såg Øystein ein film som heitte Jurassic Park. Der brukte vitskapsfolka ein kreativ metode for å gjenopplive dinosaurane: Når eit tre blir skada, «blør» det ei gul, klissete væske. Den væska heiter kvae, og om den blir gammal nok, forsteinar ho seg og blir til ein edelstein vi kallar rav. I Jurassic Park fann forskarar mygg som hadde soge blod av dinosaurar, inne i den forsteina kvaa, og Øystein lærte at inne i kvar einaste blodcelle finst oppskrifta på heile dyret. For kvar einaste celle i kroppen har med seg DNA-spiralen, som held på kroppen si oppskrift. Med DNA frå dinosaurblodet klarte forskarane å lage nye dinosaurar.

Hekta på forsking

Etter dette var Øystein ikkje berre hekta på dinosaurar, han var også hekta på forsking. Bestevenen hans vart molekylærbiolog, medan Øystein laga teikneseriar om alt som interesserte han. Kvifor hadde vi ikkje elbilar enno? Øystein laga ein teikneserie om eit Noreg der elbilar vart oppfunne allereie i 1837, medan bensinbilar vart forbodne. Samstundes las han om genforskaren Craig Venter, som hadde klart å lage ei heilt ny livsform, Mycoplasma Laboratorium, og som hadde lagt inn sitt eige namn i livsforma sitt DNA. Den nye livsforma kunne ikkje gjere så mykje anna enn å ligge der, men straks Venter hadde fått til å lage nytt liv, kunne han bruke det han hadde lært, til nye prosjekt: algar som kunne gjere farlege gassar om til mat og drivstoff, og bakteriar som kunne lage vaksinar. Dette er framleis i utvikling.

Usynlege heltar

Ein dag fann Øystein ut at Craig Venter hadde besøkt Noreg, og avisene hadde ikkje hatt det på alle framsider! Ikkje hadde Øystein fått sjansen til å møte Craig Venter heller, så Øystein var ganske furten. Han angra på at han hadde gjort vitskapsmannen på katteplaneten til ein skurk, vitskapsfolk var jo dei kulaste folka! Så han tok kontakt med ein fantastisk norsk forskar, Cecilie Gjerde, som hadde fått kroppen til å reparere seg sjølv ved å hjelpe og dyrke kroppen sine eigne reparatørceller, stamcellene.

Teikninga er frå boka og er gjort av Øystein Runde.

Nana Rise-Lynum