Terningkast!

Guriles.jpg

Tenk å ha det som jobb å lese bøker og trille terningkast. Klasse 7 C på Smestad skole i Oslo fekk besøk av Guri, ein ekte terningkastar.

Guri Fjeldberg er kritikar. Hennar jobb er å lese barne- og ungdomsbøker og fortelje kva ho synest om dei. Er dette ei bok alle bør lese, eller burde forfattaren skjerpe seg? Guri er vaksen. Ho treng å vite meir om kva barn liker best.

kvaskjer.jpg

Ikkje alle bøker passar til alle

Alle er vi forskjellige. Somme av oss liker at det skal skje masse rart og spennande i bøkene, medan andre av oss liker forteljingar om forelskingar, eller hestar, eller bilar. Nokon likar fantasi, medan andre vil ha det så verkeleg som råd. Så det er ikkje sikkert at ei bok eg blir begeistra for, passar like godt for deg.

Kvifor du meiner det du meiner

Guris jobb er å fortelje oss kvifor ho likar eller ikkje likar ei bok. Ho må gje oss grunnar for meiningane sine. Då blir det lettare for deg å vite om det er ei bok som kan passe for deg. Kan hende meiner ho at boka går for langsamt, og meiner at skildringane er for langdryge. Då kan det hende at dette nettopp er ei slik bok som lar deg stoppe opp, og som ser ting for deg. Det er både nyttig og gøy å finne ut kvifor du meiner det du meiner.

tavlemedkriterier.jpg

Lag ei vurderingsliste

Klasse 7 C får hjelp av Guri til å lage si eiga liste over vurderingskriterium, som det heiter på fint. Skikkeleg smart med ei slik liste du kan ta fram når du skal bestemme deg for kor godt du likte ei bok, eller ein film, ein teikneserie eller noko anna. Kan du svare JA på dei fleste punkta på lista, så er boka/filmen/teikneserien verkeleg god. Men er det flest NEI, ja så er det ingen seksar akkurat.

«Estragons historier. Rottefangeren fra Sorø»

Guri og elevane ser på ei bok som heiter «Estragons historier. Rottefangeren fra Sorø» av Gaute Heivoll. Ingen av elevane har lese boka. Guri les tre kapittel høgt, og alle sit musestille og høyrer etter.

estragons-historier.jpg

7 C bestemmer seg

To og to sit saman og ser på vurderingslista. Korleis scorar Estragon på den?

Vi har fått lov til å låne oppsummeringa til eit par av elevane, og dei meinte dette:

 

Boka var noko nytt.

Men ikkje lett å forstå.

Litt mange hovudpersonar og ikkje lett å vite kven som er kven.

Og kvifor er Estragon ei rotte som også kan sjå ut som eit menneske?

Nasepillinga til Glambek er godt fortald så vi blir kvalme.

Men kva ER eigentleg handlinga?

Lurer ikkje så veldig på kva som kjem til å skje.

Usikker på om det er bryet verdt å bli kjent med personane.

 

Ein femmar og ein trear

Desse to elevane gav boka ein trear. Og det gjorde 11 andre også. Tre gav boka 1. Seks gav boka 2. Tolv gav boka 3, og to gav boka 4. Dei visste ikkje at Guri på førehand hadde gitt boka ein femmar. No fekk ho sjå at starten på denne boka kanskje passar betre for vaksne enn for barn.

 

Ikkje heile boka

Det er litt urettvist overfor boka at elevane ikkje las heile og berre fekk titta litt på illustrasjonane. Det kan jo hende at resultatet hadde vore annleis om dei hadde lese heile boka i fred og ro.

 

Grunngje meininga di

Å lage ei slik vurderingsliste er smart. På denne måten forklarar du oss kvifor du liker ei bok eller ikkje. Det er mykje betre enn berre å seie at boka var spennande eller kjedeleg. Kvifor var ho spennande? Kvifor var ho kjedeleg?

 

Vurderingslista til 7 C

·         Noko nytt/originalt/annleis

·         Lett å forstå

·         Ikkje langdrygt

·         Innleving / sjå med andres auge

·         Få oss til å føle noko / le / gråte

·         Mangfaldig

·         Spennande / kva skal skje?

·         Levande fortalt / sjå for seg

·         Fange merksemda vår og halde på ho / gripande

·         Spenning – ytre handling – indre handling

·         Tema – viktig for meg

·         Hovudperson – nyansert og verd å bli kjent med

·         Umogleg å legge frå seg

·         Handlinga er godt motivert – vi forstår kvifor

·         Truverdig – vi trur på det som skjer

·         Viktig

·         Mystisk

fullkonsentrasjon.jpg
Nana Rise-Lynum