Vitsebok - heilt utan poeng

Meldar: Vilde

Skuleelev og glad i alt som er morosamt

 

Bok: Den store grøsservitseboka av Jørn Roeim

Illustrert av Sandra Steffensen

Terningkast 2

 

Denne boka skal vere full av dei beste vitsane om monster, spøkelse, vampyrar og andre ekle typar. Les du denne, skal du kunne få både gåsehud, mareritt, mørkeredsel og latterkrampar. Men nei. Dei einaste gongane eg lo, var når vitsane var så dårlege at eg ikkje trudde det var mogleg! Dette er rett og slett inga god vitsebok.

Det er ein haug av bitte små historier som ikkje er morosame. Kan ikkje kalle det vitsar ein gong. Heilt utan poeng. Med masse teikningar som ikkje var så verst, men boka blir likevel ikkje god.

Etter ei stund kjeda eg meg fordi alle desse små «vitsane» var så like og lite varierte.

Fnatt? Kva er det, liksom? Det er brukt mange rare ord i boka som eg ikkje brukar. Det er heller ikkje så lurt når vitsane skal vere for barn. Bruk ord som barn brukar. Det er eit godt tips. Ikkje bruk gammaldagse ord som fnatt. Å vere sikker på at barn forstår kva som står der, er første bod om du vil skrive morosamt for barn!

Det hadde vore betre med ei tjukk vitsebok full av «vanlege» vitsar, litt sånn variert. Ei slik bok trong ikkje vere illustrert eingong. Å lage slike temavitsebøker er ofte berre tull og tøys og ikkje noko gøy. Men kanskje er det pengar å tene?

Nei, ingen barn ler av dette; gjer dei det, er det i så fall fordi boka er dårleg, latterleg dårleg.

Terningkast 2 fordi teikningane var litt kule.

Vilde

 

Døme på dårlege vitsar frå «Den store grøsservitseboka!

 

«Hva leser monstermamma for monsterungen når den skal sove?

Godfnatthistorier.»

 

«Hva får vi hvis vi krysser en varulv med en brødskive med peanøttsmør?

En brødskive med hårete peanøttsmør, som hyler hver gang det er fullmåne.»

 

«Hva bør du gjøre hvis du tror du er blitt bitt av en vampyr?

Drikke et glass vann og se om du lekker!»

 

«Si meg, doktor, kan et menneske gifte seg med et monster?

Nei, det går ikke.

Eh … du kjenner vel ikke noen som er interessert i å kjøpe en veldig stor forlovelsesring?»

 Vilde smiler her, men ho smilte ikkje så ofte då ho las “Den store grøsservitseboka”

Vilde smiler her, men ho smilte ikkje så ofte då ho las “Den store grøsservitseboka”

 

 

Meldar: Guri

Kritikar, barne og ungdomsbøker

Bok: Den store grøssarvitseboka

Jørn Roeim

 

Terningkast: 2

 

Gjesp!

 

Eg trur denne boka er laga meir for å tene pengar enn for å få barn til å le.

 

Oftast er det slik at vaksne kjøper bøker til barn. Dei er lette å lure sidan dei ikkje les barnebøker sjølve. Da finn dei aldri ut kor dårlege mange av vitsane i denne boka er. Dette kan knapt kallast ein vits: «Hvordan kan du bli til en mumie? Få noen til å rulle deg inn i dopapir.» Eg trur han er med for å gjere boka tjukkare. Dei fleste vaksne kjøper heller ei tjukk enn ei tynn bok. Dei liker nok òg den søte framsida, for vaksne er redde for å kjøpe noko som barn kan bli skremde av. Men poenget med grøssarar er jo at dei skal vere både skremmande og ekle! Du må bla ganske langt før du kjem til denne:

 

– Mamma, mamma, jeg vil ikke ha rå kjøttdeig til middag likevel.

– Hold munn og stikk beina opp i kjøttkverna igjen.

 

Det er tre grunnar til at eg synest den vitsen er god:

1. Eg kjenner att situasjonen. Vi har vel alle ønskt oss noko anna til middag iblant?  Så skjer det noko heilt anna enn venta.

2. Replikken til monstermamma lar meg forstå at ho held på med noko heilt forbode: Ho lagar middag av barnet sitt.

3. Eigentleg står det ikkje kva mamma held på med. Det blir morosamt fordi eg skjøner det likevel. Det er gøy å avsløre noko som er for uhøyrt til å bli sagt direkte.

 

Punkt tre er problemet i denne boka. Vi må kunne forstå det hemmelege i vitsen. Kor mange barn veit at når blod stivnar, så heiter det koagulerer? «Vampyrmamma til ungene sine: – Nå må dere spise suppen deres før den koagulerer.» Det er heller ikkje gøy på den grøssande måten når vitsen berre overraskar med eit uventa ord: «Hvorfor slo vampyren opp med kjæresten? Hun var ikke hans blodtype.»

Mange av vitsane er funne på internett og omsette frå engelsk. Det er lov å låne vitsar som ingen eig. Men det er frekt å ta med verdas kortaste spøkelseshistorie utan å fortelje at ho er skriven av Fredric Brown: «Det siste mennesket i hele verden sitter hjemme i stua. Plutselig banker det på døra!»

Eg trur boka kunne blitt like bra dersom illustratøren Sandra heller hadde teikna til vitsar klassa di hadde samla eller funne på sjølve.

GuriportrettavSolvorNærland.jpg

 

Nana Rise-Lynum