Winnie the Pooh eller Ole Brumm

Maskot

Winnie vart maskot og kjæledyr for soldattroppen. Og då troppen reiste vidare til England, vart Winnie med. Men då soldatane vart sende til Frankrike for å slåst, måtte Winnie vere att i London. Harry «lånte» ho ut til London Zoo. I desember i 1919 kom Winnie til dyrehagen, og etter berre kort tid vart ho kjempepopulær. Winnie levde her til ho døydde i 1934.

 

Christopher Robin

Ein liten gut besøkte ofte Winnie i dyrehagen. Det var Christopher Robin, son til forfattaren A.A. Milne. Christopher Robin vart så godt kjend og så god venn med Winnie at han fekk lov til å vere saman med ho inne i buret. Så Christopher døypte om sin eigen vesle teddybjørn til Winnie... Winnie the Pooh. Eigentleg heitte teddybjørnen Edward Bear. Namnet Pooh høyrde til ei svane.

 

Hundremeterskogen

A.A. Milne skreiv etter kvart ei rekkje bøker om Winnie the Pooh, Christopher Robin og vennene deira i Hundremeterskogen. Alle dyra i skogen er eigentleg guten sine kosedyr. Men ikkje Ugla og Kaninen. Dei levde (som svana, Pooh) i området rundt garden der guten voks opp. Her ligg også Hundremeterskogen, som heiter Ashdown Forest. Her finn du, den dag i dag, alle plassane som er omtala i bøkene.

 

Bøkene om Ole Brumm

I 1926 kom første boka om Christopher Robin og vennene hans. Ho blei ein kjempesuksess! Og allereie i 1927 og 1928 kom to nye bøker om Winnie the Pooh. Bøkene er omsette til snart alle språk i verda. Rikka Deinboll omsette den første boka til norsk i 1932, og i 1974 kom Torbjørn Egner med ei delvis ny og forkorta utgåve. I 1993 kom så Tor Åge Bringsværd og Marianne Koch Knudsen med ei fullstendig omsetjing av bøkene om Winnie the Pooh. På norsk blei Winnie the Pooh til Ole Brumm. I 1966 overtydde døtrene til Walt Disney faren om å lage teiknefilm om Ole Brumm. I dag er Ole Brumm snart like populær som Mikke Mus og er ei stor og viktig inntektskjelde for Disney-konsernet. Men mange som er glade i Ole Brumm, meiner at Disney-Ole Brumm ikkje er like søt og sjarmerande som han er i dei opphavelege bøkene til A.A. Milne. Illustratøren som laga teikningane i bøkene, heitte E.H. Shepard og var allereie ein kjend illustratør frå bladet Punch, der A.A. Milne arbeidde som journalist og redaktør.

Teikninga er laga av Mark Burgess og er frå boka som blei laga til Ole Brumms 90-års-jubileum i 2016.

Nana Rise-Lynum