Inga jul utan juleehefta frå Norsk Barneblad
Smørbukk
Den glade gromguten vår skal skrive særoppgåve om helleristningar. I ei gammal avis finn han ut at det ligg ein gard, ikkje så langt unna, der det finst helleristningar. Det må jo vere ein grei ting, tenker helten vår. Men aldri er noko enkelt og greitt for Smørbukk og Trond. Forviklingar, gullgraving og skrømt kjem i vegen for særoppgåva, men til sist ordnar alt seg og julegåver kjem som takk! Tekst og teikning av jubilanten Håkon Aasnes.
Som vanleg får du eit gjensyn med Solveig Muren Sandens morosame Smørbukk frå 1973.
Tuss & Troll
Husmannsjenta reddar far sin og endar til slutt opp med både kongen og heile kongeriket i forteljinga om «Den kloke husmannsdattera». I «Julereia» er det dei trøytte og slitne framande som reddar jula for dei snille småkårsfolka som er viljuge til å gi dei husrom ei kald natt før jul. Teiknarar er Håkon Aasnes, Ivan Emberland og Øyvind Sveen.
Som vanleg får du eit gjensyn med Solveig Muren Sandens fargerike prinsesser og snille troll frå 1973.