TussogTroll2018.jpg
 

Vil du tena pengar til jul? Eller kanskje klassen din eller korpset ditt treng pengar til klassetur eller korpstur? Sel du julehefte for Norsk Barneblad, er det pengar å henta. Du kan tinga så få eller så mange hefte du ynskjer, men det er ikkje returrett på Smørbukk eller Tuss & Troll som vi har eit avgrensa opplag av.

Rettleiande utsalspris kr 59,90 for Smørbukk og Tuss & Troll.

Rettleiande utsalspris for JULETRE er kr 49,50

Som seljar får du hefta til desse prisane:

1 til 5 hefte                   kr 59,90 per stk       Juletre kr 49,50

5 til 10 hefte                 kr 46,00 per stk     Juletre kr 36,00

11 til 29 hefte               kr 40,00 per stk      Juletre kr 30,00

30 til 59 hefte               kr 36,00 per stk     Juletre kr 26,00

over 60 hefte               kr 32,00 per stk      Juletre kr 23,00

Vi reknar ut prisane etter kor mange hefte du kjøper til saman. Kjøper du til dømes 40 Smørbukk,  40 Tuss og Troll og 20 Juletre, blir det til saman 100 hefte. Då blir prisen du skal betala til Norsk Barneblad kr 32 per stk for Smørbukk og Tuss & Troll og kr 23,00 per stk for Juletre. Du betalar til saman kr 3020,00. Og du tenar til saman kr 2770,00 dersom du sel alle hefta. Men hugs at porto kjem i tillegg dersom du ikkje betalar på førehand. Betalar du hefta før du har selt dei, betalar Norsk Barneblad porto. Ventar du med å betala til du har selt hefta (seinast 30. desember), kjem porto i tillegg.

Du kan betale inn til konto 2440 05 05795 Merk med kven du betalar for.

(Porto for opp til 50 hefte er 150 kroner, og 200 kroner for 100 hefte).

Ring inn di bestilling 21 50 47 14 eller send e-post til wenche@barneblad.no

eller trykk på den vesle konvolutten nederst på sida her - då kjem du rett på e-posten vår! Norsk Barneblad har VIPPS 541825

Smorbukk2018.jpg