Noregs beste teikneserie

Tysdag vart Sproingprisen 2025 delt ut til «Kongeriket og dei harde hjelparane» av Ivan Emberland og Øyvind Sveen publisert av Norsk Barneblad i Tuss og Troll jula 2025. 

Sproingprisen har blitt delt ut av Norsk Tegneserieforum sidan 1987. Dette er første gong Ivan Emberland og Øyvind Sveen får prisen. 

– Det er ei ære for oss å vinne den gjevaste teikneserieprisen som finst her til lands. Ja, eigentleg eventyrleg, om vi skal halde oss til «Tuss og Troll»-termonologi, seier Ivan Emberland og Øyvind Sveen. 

– Vi har jo stort sett markert oss med svært kommersielle teikneseriar, som «Sleivdal IL» i BOING og «Hinsidige Bar & Grill», så det er stor stas med ei slik kunstnarisk anerkjenning, fortel dei. 

Juryen var ikkje i tvil om at «Kongeriket og dei harde hjelparane» var teikneserie utanom det vanlege. I grunngjevinga står det: 

«Det burde vært obligatorisk at alle som jobber med kultur, skulle fått oversendt dette bladet. De vil fryde seg. Det er også en homage til den største norske tegneren, Theodor Kittelsen. Dette er en norsk vinner som ingen kan stille spørsmålstegn ved.»

– Dei treff med samfunssatire og samfunnskritikk. Dette er gode eksemplar på å bruke teikneseriar til å korrigere ting i samfunnet, seier generalsekretær i Norsk Tegneserieforum Jan P. Krogh. 

– Det er veldig gøy med pris til Ivan og Øyvind og Tuss og Troll. Dei har teikna og skrive ein skikkeleg god teikneserie som vi var veldig glad var ein del av Tuss og Troll jula 2025, seier redaktør i Norsk Barneblad, Frida Pernille Mikkelsen. 

 

Sproingprisen blir delt ut i to kategoriar: «beste norske teikneserie» og «beste omsette teikneserie». «Kongeriket og dei harde hjelparane» får prisen for «beste norske teikneserie»