Om oss

Norsk Barneblad er til alle barn, gutar og jenter, mellom 7 og 14 år. Norsk Barneblad mottok prisen for beste design i 2021 frå Norsk Tidsskriftforening. Frå juryen heiter det: «på en forbilledlig måte viser Norsk Barneblad hvordan grafisk design kan løfte innholdet og engasjere til leselyst.»

Vi skriv om mange ulike emner og ofte med temanummer som kan spenne frå frø, USA, hjernen, Antarktis, robotar, liv på Mars, pengar, film og animasjon, forteljingstradisjon med eventyr, søppel og resirkulering, mat og matproduksjon, kjæledyr og husdyr, ja, alt som kan interessere eit barn. Vi vil gje barn kunnskap. Barn er i utgangspunktet interesserte i det meste dersom vi klarer å vinkle og presentere stoffet på ein god måte. Norsk Barneblad er ikkje normerande.

Norsk Barneblad har teikneseriar, forteljingar, moro og aktivitetsstoff, nytt frå verda, matspalte, sportsspalte og kviss i kvart nummer.

Norsk Barneblad har sidan 1887 stimulert barn med lese- og skriveglede. Ved å vere ein truverdig og inspirerande inngang til skriftkulturen på tvers av sjangrar og kommersielle interesser, fremjar vi barns språklege, medskapande og demokratiske medvit.

Norsk Barneblad er eitt av dei aller eldste barneblada i verda som framleis kjem ut. Det var den 26 år gamle studenten Kristen Stalleland frå Grimstad som grunnla bladet i 1887. Til det første nummeret hadde han 36 abonnentar. Han kalla bladet Sysvorti Norskt Barneblad. Sysvorti er det same som svarttrost. Etter få år vart namnet berre Norsk Barneblad, men svarttrosten er framleis maskot for bladet.

Tanken med bladet var først og fremst å gje dei unge lesestoff på nynorsk. Men det var også viktig å lage eit blad der ein tok dei unge meir på alvor. Snart tok også mange barn til å skrive i bladet.

Mange kjende personar har vore redaktørar: Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll, Johannes Farestveit, Jostein Krokvik, Olav Norheim og Gard Espeland. Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse har vore innom som redaksjonssekretærar. Sidan 1999 har Nana Rise-Lynum vore ansvarleg redaktør for bladet.

Mange av dei mest kjende forfattarane og illustratørane her i landet har vore medarbeidarar. Nokre har også debutert i Norsk Barneblad som barn. Halldis Moren Vesaas skreiv i Norsk Barneblad som tiåring i 1918. Per Kleiva som i dag er representert på Nasjonalgalleriet, vann ein teiknekonkurranse i bladet som trettenåring i 1947. Det er fleire slike døme.

Frå 1938 har teikneserie-figuren Smørbukk hatt fast plass på baksida av bladet. Han vart først teikna av Jens R. Nilssen. Sidan tok Solveig Muren Sanden over. I dag blir serien laga av Håkon Aasnes.

Smørbukk i Solveig Muren Sandens strek.

Håkon Aasnes' Smørbukk er ein godlynt og morosam fyr med glimt i auga.

 

 

 

Om Tuss & Troll

Teikneseriar på grunnlag av folkedikting er ein god idé, og det er mange som har prøvd seg, men Tuss og Troll er det mest vellykka. Serien starta i Norsk Barneblad siste krigsvinteren, og første juleheftet kom hausten 1945. Bortsett frå 1947 har det komme nye hefte kvart år. Det var Øyvind Dybvad som hadde fått ideen til serien. Han hadde skrive teksten til Smørbukk i nokre år, og sidan han var svært interessert i gamle eventyr og segner, meinte han det var ein god idé med ein eventyrteikneserie også. Dei ti første åra var det Jens R. Nilssen, fast serieteiknar i barnebladet, som illustrerte, men i 1957 overtok Solveig Muren Sanden. Eventyra til Asbjørnsen og Moe har vore svært populære både i Noreg og i andre land. Difor har det også utvikla seg ein spesiell norsk måte å illustrere norske eventyr på. Danske og svenske eventyrbøker er meir inspirerte av illustrasjonane til dei tyske eventyra brørne Grimm gav ut, men våre eventyrillustrasjonar er klårt norske. Både Jens R. Nilsen og Solveig Muren Sanden lærte mykje særleg av Kittelsen, men også av Werenskiold, Gude, Tidemand og dei andre som illustrerte eventyrbøkene.

Solveig var spesielt god til å teikne troll i norske landskap. Trolla hennar var ikkje så skumle og farlege som Jens R. Nilssens, men dei ser truverdige ut. Solveig teikna helst dumme og gjerne snille, godslege troll. Vakre prinsesser likte ho tydelegvis ikkje å teikne. Dei blir alltid litt kjedelege å sjå på, derimot er det gjerne liv over dei gamle kjerringane ho teikna.

I dag er det Håkon Aasnes og Ivan Emberland og Øyvind Sveen som teiknar for Tuss & Troll.

Det første juleheftet Tuss & Troll kom i 1945.

 

 

Om Smørbukk

Den første teiknaren heiter Nilssen, Jens R.  Nilssen. Han teikna den første Smørbukk-stripa i 1938 og første Smørbukk-heftet i 1941.

Jens R. Nilssen (1880 -1964) var målar, illustratør, serieteiknar og vitseteiknar. Han hadde teikna i Norsk Barneblad i meir enn 50 år, første teikninga hans i julenummeret der stod på trykk i 1906. Han hadde teikna Smørbukk sidan starten, slik han hadde gjort med andre teikneseriar: Haukepatruljen frå 1930, Vangsgutane frå 1941 og Tuss og Troll frå 1945. Streken hans var tynn og presis. Teikningane var ei blanding av realisme og karikatur.

Frå 1959 kom ein ny Smørbukk-teiknar som heitte Solveig Muren Sanden (1918 - 2013). Ho teikna ein mjukare og snillare Smørbukk, men med like mykje forviklingar som før. Solveig teikna Smørbukk fram til 1981 då Håkon Aasnes tok over.

Det første heftet med Smørbukk kom til jul i 1941.