Kamera

Likar du å fotografere? I dag knipsar vi fine foto med mobilen vår heile tida, og tenkjer ikkje over kor fantastisk det faktisk er.

Kor mange fotografi har du teke i løpet av livet ditt? Eller berre i dag? Kor mange fotografi av deg sjølv har du sett? For 150 år sidan var det uvanleg å ha meir enn eit bilde av seg sjølv. No er vi omgjevne av bilde heile tida. Korleis har det endra liva våre?

I denne utgåva av Norsk Barneblad kan du lese om kamera. Frå det første bilde tidleg på 1800-talet til ei verd med mobilfoto og bilde laga av kunstig intelligens. Du kan lære deg å ta skikkelege gode bilde med mobilkamera, lese deg opp på alle dei ulike fotografyrka eller lage ditt eige camera obscura.

Eit bilde seier meir enn tusen ord. Med eit kamera i henda kan du fange heile verda.