
SOMMARMORO
Nana LynumTreng du tips til sommar-aktivitetar? Vi vil ikkje at barna skal sitte stille med nasen i ein skjerm heile sommaren. Treng du tips om kva ein kan finne på saman...
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
– Det snør, det snør, det er det det gjør, heiter det i songen. Snø er veldig fint og gjer verda heilt ny og spennande.
Vi, som er vaksne, er kanskje ikkje flinke nok til å gle oss over den vakre og fantastiske snøen. Vi tenker ofte glatte vegar og snømoking i staden for å sjå kor fint og lyst det blir når snøen dekker alt.
Det er mykje moro med snø, om vi vil. Bygge snømenn, snøborger og snøholer, lage islykter og englar i snøen. Gå på ski, renne ned bakkane med rattkjelkar eller akebrett, lage eit hopp eller ei slalåmløype. Så kan vi gå heim og kvile oss i eit varmt hus.
Kva er eigentleg snø? Korleis blir han laga? Kva er ein snøkrystall, og kvifor er ingen like? Kvifor er ikkje snøen alltid kvit? Treng vi snø? Ja, kva er bra med snø?
Kva gjorde dei i gamle dagar når ikkje husa var så tette, og dei heller ikkje hadde elektrisitet til oppvarming? Kva med alle folka som bur i snørike område?
Det er utarbeidd lærarrettleiing til dette bladet! Du finn den under meny Lærarrettleiing.