No kjem mai og det er full vår. Dette er den vakraste tida på året, synest mange av oss.
Grøne blad som sprett fram og blomstrar som kjem opp av svarte molda som fargeglade klattar. Det er så fint!
Blomstrar gjer oss glade. Dei er både vakre og nyttige for naturen og økosystemet vårt. Blomstrar gir liv. Det er så ufattelege mange ulike blomstrar. Etelege og giftige, store og små, fargerike og rare.
Kulare enn å få ein SMS, er kanskje om du sender ei melding med blomsterspråket? Kan du tenke deg å lage ei blomstereng? Kva med å pynte maten din med blomstrar?
Å lage ditt eige herbarium er gøy og lærerikt på same tid. Fint blir det også. Noko å bla i når vinteren kjem.
Det finst skikkeleg nifse blomstrar også. Somme ser ut som rått kjøt, og andre luktar så ille at du vil ikkje tru det.
Soldogg heiter ein kjøtetande blomster som veks her i landet. Blomstrar er så mykje. Plukk ein bukett av blomstrar du finn i grøftekanten. Den blir fin, vi lovar!
Norsk Barneblad kjøper du på www.barneblad.no
Er du lærar? Det er utarbeidd lærarrettleiing for temautgåvene av Norsk Barneblad. Du finn dei på www.barneblad.no