Vilkår for bruk

Kun personar som er 18 år eller eldre, og som ikkje er under vergemål kan legge inn ei bestilling.

Når du har sendt inn bestillinga, vil du motta ei stadfesting på e-post, om du har oppgitt denne.

Om vi ikkje kan levere det du har bestilt vil du få rask beskjed om dette og om du har betalt vil vi sende pengane tilbake til deg.

Du kan avbryte eller returnere bestillinga frå den dagen du sender bestillinga, fram til og med 30 dagar etter at du har mottatt vara. Returkostnaden må du betale sjølv.

Om du vil returnere vara, ber vi deg informere oss om dette på e-post «post@barneblad.no». Du kan også fylle ut og sende inn eit standard angrerettskjema som du finn her: https://www.regjeringen.no/no/dokument/dep/bld/skjema/skjema-2/skjema-om-angrerett/id614564/.

Norsk Barneblad garanterer full tilbakebetaling dersom dei returnerte varene er uskada og framstår som nye.

Firmainformasjon
Norsk Barneblad SA
Pilestredet 8  0180 Oslo

Organisasjonsnummer: 956664470