Antarktis

Eit heilt eige nummer om Antarktis. Kvalar, selar, pingvinar, pemmikan, isfjell og snø. Det er spennande med eit så stort kontinent som vi faktisk veit så lite om. Forskarane arbeider stadig med å finne ut meir om dei djupe hava og det som bur der nede i mørkeret.

Men det er ikkje slik at vi menneske ikkje har vore der. Selfangsten og kvalfangsten vi dreiv med for mange år sidan, tok nesten knekken på både selar og kvalar. Men det er det heldigvis slutt på. No er det berre turistar og forskarar som besøker dette vakre, men ugjestmilde landskapet. I Norsk Barneblad nummer 1 januar 2020 tar vi deg med på ein liten tur i Antarktis.