Badetøy gjennom tidene

Badetøy gjennom tidene

Det har vore bada i badekjolar, i heildekkjande ulldrakter, stripete badepysjamasar og mykje anna rart. Heldigvis er det enklare no. Du kan berre slenge på deg ei badedrakt eller ein badeshorts, ei badebukse eller ein bikini. Men det var andre tider før …

 

I det gamle Romarriket var bading vanleg. Dei hadde flust med offentlege bad med basseng store nok til at du kunne symje.

I Europa blei bading utandørs populært på 1600-talet. Dei meinte at det var godt for helsa.

Bad i saltvatn blei brukt som medisin på 1700-talet. Legane meinte det gjorde deg frisk og sterk om du hadde svak helse. Men folk flest såg nok på bading meir som medisin enn som moro. Først på 1800-talet bada folk for gøy.

Heilt fram til tidleg på 1900-talet bada menn og kvinner kvar for seg. Dei hadde eigne badehus og eigne strender, eller så bada dei på ulike tider. Aldri saman, å nei! 

I 1905 var den australske skodespelaren og symjaren Annette Kellerman ei av dei første kvinnene som ville symje over Den engelske kanalen. Ho gjorde det i ei heimelaga badedrakt som såg ut som drakta mannlege ballettdansarar bruker i dag. Kellerman blei arrestert for å bruke badedrakta si på ei strand i USA i 1907.  

Badetøy i gamle dagar

Badetøyet skulle halde han eller ho som bada, varm og god. Dessutan skulle ho skjule kroppen. Damene bada i drakter som såg litt ut som underkleda dei brukte på den tida. Men badedraktene var laga i eit stivare stoff så dei ikkje skulle klistre seg til kroppen når dei blei våte.

Damene brukte både badestrømper og badesko og badehattar. Badedrakter frå 1870 til 1890 hadde gjerne korsett også, som kjolane deira på den tida hadde. Første nummer av Norsk Barneblad kom ut på akkurat denne tida, då damer bada med korsett i badedraktene sine, i 1887. Det er rart å tenke på no.

 

Sol blir sunt

Legar og andre hadde altså slått fast at bading var sunt og godt for helsa. Rundt 1920-talet fann ein ut at sol var godt for kroppen. Tidlegare var det berre dei som arbeidde ute, som var solbrune. Dei rike såg på det som litt «fattigsleg» og ikkje så «fint» å vere brun. Det blei det slutt på no.

 

Velståande kler av seg

Det blei mote å kle av seg for å ta solbad. Å ligge på stranda blei populært. Det blei også vanleg at menn og kvinner var saman på stranda. Damene låg helst under parasollar, for dei blei frykteleg varme i heildekkande strømper, korsett og lange, tilknepte kjolar. Men snart skulle damene få hjelp!

 

Coco Chanel

Du har sikkert høyrt om motemerket Chanel frå Frankrike. Dama som starta det, heitte Coco Chanel. Ho var glad i å vere ute, og spesielt var ho glad i sjø og sol. Ho meinte ho var penast om sommaren, når ho var bronsebrun. Dette var nye tonar. Coco laga nye badedrakter for damene. Den nye badedrakta hadde korte erme eller, for dei modigaste, ingen erme, og eit kort skjørt som kraup opp til låra.

 

Strandpysjamas

Coco laga også noko ho kalla strandpysjamas. Det var lange, vide bukser, gjerne med ei lita ermelaus jakke. Alt saman var laga i silke eller eit anna tynt og luftig stoff. Ein historikar, Dag Hundstad, har skrive om strandpysjamasen i boka «Norges historie i 25 ting», og han fortel at denne strandpysjamasen var til stor irritasjon.

 

Inga servering

På stranda var det greitt med strandpysjamas, men mange blei sinte når desse damene kom inn på kafear og ville ha servering. Det blir fortalt at sommaren 1934 blei fem damer i pysjamas nekta servering i Kristiansand. «De var barbeinte, bararmede og for øvrig også bare, så det var en gru», fortalde kafé-vertinna. Same året gjekk soknepresten i Drøbak ut og åtvara dei lokale jentene om at dei ikkje måtte bli like syndefulle som turistane i strandpysjamas.

 

Paven i Roma

Paven i Roma gjekk også ut med ei åtvaring. Damer i strandpysjamas er usømeleg kledde, sa han i 1930. Å gå rundt på strendene i slike klede høver ikkje for ei skikkeleg kvinne, meinte paven. Men mange damer var ikkje einige.

Bikini

I 1946 er det ein mann som lagar den første bikinien. Louis Rèard var lei badedrakta og ville finne på noko nytt. Han delte opp badedrakta i to delar, og vips, så hadde han skapt noko nytt, bikinien. Mange var begeistra. Men ikkje paven. Han fordømte plagget, som han meinte kom frå djevelen sjølv. Å vise fram navlen var rekna som heilt uhøyrt.

Teikningar: Mai Lindberg

Foto: GlassHouse Images/Alamy Stock Photo