Korleis blir ein flink med pengar? Er det smart å bruke kredittkort? Korleis kan du halde oversikt over pengebruken din? Og må du ha alt som andre har? Blir du lykkeleg av å kjøpe ting? Norsk Barneblad nummer 9 september 2020
Norsk Barneblads råd til deg og foreldra dine:
1. Snakk om pengar!
For at du skal bli ein smart pengebrukar, må du vite noko om økonomi og pengar. Foreldra dine har ansvar for å snakke om pengar og pengebruk med deg som er barn. Når du er så stor at du vil ha pengar til å kjøpe ting, godteri eller til å oppgradere eit spel på Ipad eller mobil, då er du stor nok til å begynne å lære om verdien av pengar.
2. Vi må vere gode døme
Det hjelper ikkje berre å snakke om pengebruk. Dei vaksne må vise det i handling. Om foreldre kjøper alt dei har lyst på og aldri sparer til noko som helst, så tenker du at det er slik det skal vere. Då er det liten vits i å seie at vi må spare og ikkje kan kjøpe alt vi ser.
3. Lommepengar
Skal det vere læring i lommepengar, må summen vere så stor at han dekker mange behov for deg. Du må sjølvsagt ha plikter knytte til lommepengane. Det er ikkje hjelp i lommepengar utan plikter, pengar som berre går til godteri på laurdag. Og er du under ti år, så kan ikkje vaksne forlange at du skal forstå eit budsjett eller vere ansvarleg for alt du treng. Lommepengar er ingen enkel veg til å bli ein smart pengebrukar. Men kunnskap om pengebruk er viktig.
4. Alt kostar
Du som veks opp i dag, har det annleis enn vi som vaks opp før i tida. I dag kostar det meste noko. Du er heile tida omgjeven av freistingar som kostar noko. Dette er vanskeleg om ein ikkje har ein idé om kva som er smart bruk av pengar. Ver med på ein handletur og sjå kva alt mogleg kostar. Det er smart. Prøv quizen i dette bladet og sjå kva du veit om kva mat kostar i dag.
5. Du må spare
Det er viktig å lære å spare pengar. Er du smart, så sparer du til større ting du vil ha. Du som har lært deg å vente og å spare, blir ein smartare pengebrukar enn dei som fyk på butikken og kjøper godteri kvar gong dei får nokre kroner i handa. Bli smart og spar! Dette er ein nyttig lærdom for heile livet. Dei fleste kan ikkje kjøpe alt dei vil med ein gong, og må spare til større innkjøp.
6. Til foreldra dine
Det er viktig at foreldra dine ikkje kjøper alt du peikar på. Dersom du skal lære deg smart pengebruk og sparing, så må du få lov til sjølv å finne ut kva du ønskjer deg. Du som er barn, skal ikkje måtte bekymre deg over pengebruken i familien. Familieøkonomi er det vi foreldre som har ansvaret for.