Blod er ei fantastisk væske som strøymer gjennom blodårene våre og held liv i oss. Det er litt skummelt å blø, anten det er naseblod eller frå eit skrubbsår. Heldigvis stansar blodet raskt om vi er friske. Det er rart, men utan blod så døyr vi. Kva er det som er så smart med blodet vårt?
Drikk blod frå ein bjørn og bli sterk som ein. Ein kopp med blod kan kurere det meste, tenkte ein før i tida. Akkurat slik er det ikkje, men blod er viktig.
Halloween er ein ny skikk her i landet. Allehelgensaftan handlar eigentleg ikkje om godteri, knask eller knep, men er ein minnefest for våre døde. At festen har nifse kostyme og godteri er ganske nytt og gøy.
Kan du reglane for knask og knep?
- Ikkje alle vaksne likar den nye skikken, og difor er det viktig at barn og vaksne har nokre køyrereglar som gjer at dette blir hyggeleg og ikkje til plage for dei som ikkje har sansen. Er utelyset sløkt, så skal ein ikkje ringe på. Det er ein enkel, men god regel som alle ungar og vaksne bør respektere.
- Du kan kle deg ut i kva som helst. Prinsesse eller prins er like fint som vampyr eller heks. Du treng ikkje vere skummel.
- Gå i grupper, gjerne med ein vaksen dersom det er små barn med.
- Ver høfleg og sei TAKK til dei som opnar døra.
- Bruk refleks og ta med lommelykt når de går rundt i mørkeret.
- Det er vanleg å gå knask og knep mellom kl. 17.00 og 21.00.
- Ring berre på hos folk som har pynta med lys eller graskar, eller som du kjenner og veit at du er velkomen hos. Er huset mørkt, skal du ikkje ringe på!