Jorda er insekta sin planet! Det er ikkje vi menneske som er flest her på jorda. Nei, det er alle insekta. Vi menneske er vane med å setje oss sjølv først og over alt anna levande, men insekta kom hit lenge før oss. Dei blir også verande att om vi blir borte. Det er vi som er på besøk. For kvart menneske som lever på kloden i dag, finst det meir enn 200 millionar insekt. Av alt levande på jord er det flest maur. Insekta har hatt lang tid på seg til å utvikle seg, og tilpasse seg planeten vi deler med dei. Ikkje uventa har dei utvikla seg til å bli perfekte vesen for sitt liv. Insekta er fantastiske! For oss menneske er dei livsnødvendige.
Visste du forrresten dette?
Døgnfluga lever berre nokre timar.
Verdas største maurkoloni er over 6 mil stor og finst i Argentina. Der bur mange billionar av maur. Ingen menneskeby er så stor.
Ei bidronning har brodd, men stikk berre andre dronningar.
Vengene til ei bie slår 11 400 gonger i minuttet.
Ei marihøne et 5 000 insekt gjennom livet sitt.
Ei åme har tolv auge.
Ei møkkbille kan dra 1 141 gonger si eiga vekt. Som om du kunne dra med deg åtte bussar.
Ein koloni av honningbier kan lage 100 kilo honning på eitt år.
Store grupper med eldfluger kan blinke på likt. For eit syn!
Bulldog-mauren kan hoppe framover sju gonger si eiga lengde.
Mannlege steinfluger gjer armhevingar for å tiltrekke seg damer.
Husfluger og enkelte sommarfuglar smakar med føtene sine.
Grashoppene levde før dinosaurane.
Marihøner spelar daude for å lure dei som vil ete dei.
Sjiraff-snutebilla brukar den lange halsen sin til å slåst med andre hannar.
Ein klegg kan flyge fort, meir enn 100 km i timen er målt.
Bier kan kjenne igjen andre på fotlukta deira.