Dei hemmelege dyra

Dersom du ikkje har sett noko. betyr det at det ikkje finst? Nei, seier du nok sikkert. Vi veit at det finst både tigrar, kvalar og andre dyr som lever langt unna oss. Vi veit at dei finst, sjølv om vi ikkje har sett dei. Men trur du at det er ein sjøorm i Seljordsvatnet?

Les meir om dette i Norsk Barneblad nummer 10 oktober 2021.

Dette er ein del av eit kart teikna av den svenske presten Olaus Magnus i 1539. Mellom Island og norskekysten sym det mange skumle skapningar. Nokre er truleg ulike kvalar, medan andre er litt mindre sannsynlege. Olaus Magnus visste nok at enkelte av dyra han teikna, var frå folketrua. Kva dyr trur du er ekte?

På den tida kartet blei teikna trudde vitskapsfolk at det fanst eit liknande havdyr for kvart landdyr. Ei ku og ei sjøku. Ein orm og ein sjøorm. Ein hest og ein havhest. Slik er det jo ikkje, men det forklarar kvifor ein sjøelefant heiter nettopp det.