Dei vennlege kjempene

Dei vennlege kjempene – kan kvalane redde havet?

Ei blåkvalmor har barn i magen i heile 11 månadar. Kvalungen kjem ut med halen først, så han ikkje skal drukne. Ved fødselen er ungen større enn ein elefant! Han sym fort til overflata for å puste. Ungen liker å leike med mor si, sprelle på ryggen hennar og bruke luffane hennar til sklie eller gøymsle. Ein oppførsel ikkje så forskjellig frå vår, altså.

Det er spennande å lese om livet i havet og alt som skjer djupt der nede. Det er eit yrande liv, som også betyr noko for oss her opp på landjorda.

Dei fleste av oss har kanskje ikkje tenkt på livet i havet som viktig for klimaet. Vi veit ein god del om kor viktig jungel og skog er for klimaet. Blant anna er det superviktig å ta vare på regnskogen, fordi han produserer oksygen og bind karbondioksid. Regnskogen blir ofte kalla verdas lunger. For å leve må vi puste, og då må vi ha lunger. Det gjeld både verda og oss.

I havet finn vi store skogar av plankton. Kvalane er gartnarane som passar på denne skogen av planteplankton, som vi også treng for å overleve. Desse "flytande" skogane produserer halvparten av alt oksygenet i verda, og er viktige for å binde CO2.

Les meir om kvifor eit sunt hav er så viktig og korleis vi kan få det!

Norsk Barneblad nummer 2 februar 2022