Demokratiet vårt

Stemmerett for alle

Alle får vere med og bestemme, gjennom å velje dei som skal styre.

Slik har det ikkje alltid vore i Noreg. Lenge var det berre menn med eigedom som hadde stemmerett. Dei som ikkje eigde jord, til dømes arbeidarar og husmenn, kunne altså ikkje stemme. Og kvinnene, som jo var halvparten av befolkninga, hadde ikkje stemmerett før i 1913.

 Ytringsfridom

Ytringsfridom er retten til å uttale seg, utan fare for å bli straffa eller forfølgd. Om det ikkje er ytringsfridom, kan dei som styrer landet, undertrykke alle som er ueinige med dei. Så kan dei late som alt er bra, utan at nokon kan seie dei imot. Det må vere lov å seie ifrå om ein er ueinig. Vi skal snakke saman og finne løysingar som fungerer for alle.

 Stortinget og regjeringa

I Noreg kan vi stemme på mange forskjellige politiske parti. Alle dei partia som har fått nok stemmer, får ein plass på Stortinget. Dei partia som har fått flest stemmer, får lage ei regjering. Statsministeren er sjefen i regjeringa.

 Parlamentarisme

Eit anna namn på Stortinget er parlamentet. Det passar på regjeringa. Regjeringa kan ikkje finne på noko tull. Dersom Stortinget mistar trua på regjeringa, kan Stortinget sørge for at ho må gå av. Ei regjering kan ikkje finne på kva som helst.

 Domstolane og Grunnlova

Uavhengige domstolar passar på deg og alle andre som bur her i landet. Staten kan ikkje gjere som han vil. Grunnlova set grenser for kva Stortinget eller regjeringa kan finne på. Dei kan ikkje lage nye lover som avgrensar det du kan gjere, for det strir mot Grunnlova.

 Alt startar med lesing og skriving

Utdanning for alle er grunnmuren i eit demokrati. Å kunne lese og skrive er nødvendig. Med kunnskap kan du finne ut kva som er sant, og kva som er løgn. Du forstår kva som er viktig for deg og bra for samfunnet.

Viss du har utdanning, blir du ikkje så lett lurt. Du forstår betre kva som er mogleg å få til i samfunnet du bur i. Då kjenner du igjen tomme løfte og valflesk som politikarane serverer.

Du følgjer med på det som skjer i samfunnet ditt. Og dersom politikarane gjer ein dårleg jobb, så blir dei ikkje valde på nytt. Dei får ikkje halde på lenger. Ved neste val stemmer du på andre som du har meir tru på.

Politikarane gjer ein jobb for samfunnet vårt. Det er du og eg som bestemmer om dei gjer ein god jobb eller ikkje. Det viser vi når vi stemmer ved val.

Alle kan bli ein politikar. Å vere politikar er ein viktig jobb.

Norsk Barneblad nummer 5 mai 2020