Dette er ein draumejobb. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på oppgåvene, seier Frida Pernille Mikkelsen.

Når Nana Rise-Lynum takkar av som redaktør og dagleg leiar i Norsk Barneblad våren 2026, er det Frida Pernille Mikkelsen som tek over sjefsstolen.

– Dette er ein draumejobb. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på oppgåvene, seier Frida Pernille Mikkelsen.

Mikkelsen tek til i stillinga 1. mars 2026, og kjem frå stillinga som politisk rådgjevar i Noregs Mållag. Ho har erfaring innan journalistikk, redaksjonelt arbeid, økonomi og organisasjonsutvikling.

Etter ein overgangsperiode våren 2026, vil august-utgåva vere det første bladet Mikkelsen står som ansvarleg redaktør for eine og åleine.

– I trygge hender
Det er styret i Norsk Barneblad som har tilsett Mikkelsen, etter å ha vurdert mange dyktige søkarar.

– Styret er svært glade for å kunne ønske Frida Pernille Mikkelsen velkommen. Ho har både redaksjonell og økonomisk kompetanse, og vi er trygge på at ho vil styrke både innhaldsutviklinga og den organisatoriske drifta av Norsk Barneblad, seier styreleiar Geir Egil Eiksund.

I rolla som dagleg leiar får Mikkelsen ansvaret for både økonomi, redaksjonelt innhald og produksjonen av Norsk Barneblad.

– Med Mikkelsen ved roret, er vi sikre på at Norsk Barneblad er i trygge hender, legg Eiksund til.

–Store sko å fylle
Når Rise-Lynum no takkar for seg, kan ho sjå tilbake på heile 26 år i stillinga. I 2024 fekk ho tildelt både Noregs Mållag sin målpris og Nynorsk redaktørpris for arbeidet. Mikkelsen har stor respekt for jobben som er lagd ned før henne.

Det er store sko å fylle. Nana har gjort eit heilt vanvitig arbeid med Norsk Barneblad. Eg vil prøve å vidareføre mykje av alt det gode ho har fått til, og samtidig finne min veg vidare for bladet.

Sjølv om ho som ansvarleg redaktør er den einaste tilsette i Norsk Barneblad, ser ikkje Mikkelsen for seg eit soloprosjekt.

Eg trur åleineansvaret kan passe for meg. Samtidig skal eg søke mykje utover, og passe på å ikkje vere åleine. Eg ønsker at barnebladet skal vere ein stad der skribentar, teiknarar og skaparar i alle former får moglegheit til å bidra, seier ho. 


Over 100 år med barneblad
Norsk Barneblad har ein heilt spesiell posisjon i norsk barnekultur, og er kanskje det eldste bladet i verda for barn – med ei historie som går heilt tilbake til 1887. Bladet kjem ut på papir 11 gonger i året, og blir skrive på nynorsk. I dag har barnebladet 3 500 abonnentar, og det blir laga eigne undervisningsopplegg til utgivingane. I tillegg til barnebladet vil redaktøren vere ansvarleg for produksjon og sal av julehefta Smørbukk og Tuss og Troll.

– Eg trur mange vaksne har hatt Norsk Barneblad og anna bladlesing som ei viktig lesaroppleving gjennom barne- og ungdomsåra. Målet mitt er at barnebladet skal vere eit bidrag til at unge får lyst til å lese meir både i dag og i framtida, seier den nye redaktøren.

– Fint med yngre krefter og ny energi
Rise-Lynum kan no senke skuldrene etter å ha fått ein arvtakar på plass.

– Det er fint med yngre krefter og ny energi, og det er godt for meg å vite at bladet er i trygge hender. Det blir spennande, og eg gler meg til å følge med på kva Frida får til, seier Rise-Lynum.

Ho har i fleire tiår «vore» Norsk Barneblad i eigen person, og er no glad for å kunne gi stafettpinnen vidare.

Men skulle saknet etter barneblad-kontoret bli for stort, vil ho vere velkommen.

– Nana har ytra at ho gjerne vil vere til hjelp og støtte i lang tid, og det er eg utruleg takknemleg for. Det er mange oppgåver og tusen ting å sette seg inn i. Då er det veldig godt å kjenne at ein ikkje står heilt på berr bakke, seier Mikkelsen.


For meir informasjon:
Redaktør og dagleg leiar Nana Rise-Lynum: tlf: 952 44 561 E-post: nana@barneblad.no
Påtroppande redaktør Frida P. Mikkelsen: tlf: 482 48 747 E-post: frida.p.mikkelsen@gmail.com
Styreleiar Geir Egil Eiksund: tlf: 922 39 325 E-post: geir.egil@gmail.com