Draumen om Amerika

Vi nordmenn har eit nært forhold til USA, eller Amerika, som vi også seier. For meir enn 100 år sidan flytta mange nordmenn til USA og starta liva sine på nytt. Mange ting vi brukar til dagleg, har vi fått frå USA. Vi deler mykje av den same kulturen, sjølv om ikkje alt er likt. Vi ser på amerikanske filmar, høyrer på amerikansk musikk, medan vi tygg tyggegummi, drikk Coca Cola og sit i jogggedressen og drar i lissene til basketskorne våre. Då er vi faktisk svært så amerikanske. USA er viktig for heile verda fordi det er eit så stort og rikt land. Dette gjer at USA har mykje makt. USA er ei økonomisk supermakt den største økonomien i heile verda.

Men ikkje alt er like greit i USA. Kva med dei som budde der først? Korleis har det gått med dei? Og kva med Black Lives Matter? Alle amerikanarar delar ikkje den amerikanske draumen…

Les og lær frå vårt spesialnummer om USA. Norsk Barneblad nummer 10 oktober 2020.

Framside Mai Lindberg

 

Illustrasjon av Mai Lindberg