Dyr har venner!

Forskarar har funne ut at dyr har venner. Som om vi ikkje visste det, for det gjorde vi vel? Dyr er også saman med dei dei likar best. Akkurat som vi menneske. Vi likar å bruke tid saman med andre som vi rett og slett berre likar og kjenner oss vel saman med. Slik er det også med dyr.

Kva er vennskap?

Psykologar og andre seier at vennskap er det når ein berre likar å vere saman, utan noka spesiell årsak. Og ofte vel vi å vere saman med andre som liknar litt på oss sjølve. Det trur forskarane at dyr også gjer, når dei vel seg venner.

Nye vennskap gjennom dyr

Menneske som har hund som kjæledyr, blir stadig kjende med andre hundeeigarar. Å ha hund er eit smart trekk om du er glad i å prate med framande når du er ute og luftar hunden. Folk med dyr har fleire sjansar til å bli kjende med nye menneske enn dei av oss som ikkje har kjæledyr. Dette gjeld for folk med alle slags kjæledyr, hundar, kattar, kaninar, fuglar og andre dyr.

Dyr i nabolaget

Forsking syner at nabolag med mange kjæledyr er tettare og nærare enn nabolag med få eller ingen kjæledyr. Kjæledyr gjer at folk stoppar opp og smiler og kanskje set i gang ein samtale. Både store og små, familiar og einslege blir betre kjende med kvarandre gjennom felles interesse for dyr.

Betre helse med kjæledyr

Å kjenne seg einsam er ikkje bra for helsa vår. Eit kjæledyr er som ein god venn og gjer deg lukkeleg og glad. Å vere lukkeleg er bra for helsa di. Med eit kjæledyr er du aldri aleine. Livet er ikkje einsamt, og du har ein god og trufast venn. Barn som har kjæledyr, er mindre sjuke og mindre borte frå skulen enn barn utan kjæledyr, seier ein forskingsrapport.

Dyr som helsearbeidar

På fleire aldersheimar er det ein hund eller katt som dei eldre kan kose og kjæle med. Mange eldre fortel at dette gir dei stor glede. Dei som jobbar der, fortel også at dette gir mykje glede. Å vere nær andre levande vesen er godt for alle.

Frå Norsk Barneblad nummer 4 april 2020

Framside av Mai Lindberg