Blekkspruten er eit av dei kulaste dyra på jorda!
Dei er fantastiske. Alt dei kan. Ekstra rart er det å vite at ingen dyr står så langt ifrå oss som akkurat han. Vi er meir i slekt med ein maur enn med ein blekksprut. Tygg litt på den. Blekkspruten er som ein alien, som frå ei anna klode enn oss.
Blekksprutane har vore i verda i 500 millionar år. Vi har vore her rundt 300 tusen år. På alle desse millionane av år har blekkspruten utvikla seg veldig. Han er blitt eit av dei smartaste dyra i verda. Mange av dei andre dyra i havet frå så langt tilbake, har blitt så endra at vi ikkje kan kjenne dei att. For 500 millionar år sidan var vi veldig langt unna å finnast. På landjorda var det knapt liv.
I havet var det ein eksplosjon av liv på denne tida, som heiter kambrium og føregjekk for 541 til 485 millionar år sidan. Det er mykje vi ikkje veit om alt som levde i hava for så lenge sidan, men vi veit ein god del, og det kan du lese om i Norsk Barneblad.
Velkomen til verda til dei første blekksprutane!