Er du den nye redaktøren i Norsk Barneblad?

Er du den som skal gi leselyst til nye generasjonar med nynorskbarn?

Norsk Barneblad søker ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i 100 prosent stilling. Er du den vi leitar etter? 

Norsk Barneblad har ein heilt spesiell posisjon i norsk barnekultur, med historie tilbake til 1887. Bladet kjem ut på papir 11 gonger i året, har i dag 3 500 abonnentar, og blir skrive på nynorsk. Bladet er mellom anna mykje brukt i skulen, og det blir laga eigne undervisingsopplegg til utgjevingane. I tillegg produserer og sel vi julehefta Smørbukk og Tuss & Troll. Inntektene frå desse går tilbake til bladet.

Stillinga inneheld både redaktøransvar og administrativt ansvar. Det vil seie at du som redaktør er ansvarleg for både innhald og økonomi i bladet. Det er ingen andre fast tilsette. Til andre oppgåver kjøper vi tenester, tilsvarande om lag ei halv stilling, til å utføre grafisk design og rekneskap. 

Som ny redaktør vil du kunne vere med på å påverke korleis fordelinga vil vere vidare. Om du til dømes ikkje kan gjere designjobben sjølv, finn du ein du vil samarbeide med. Bladet har mange faste frilansarar som du kan halde fram samarbeidet med.

Kven er du?

  • Du har interesse for og evne til å skrive for barn
  • Du er nysgjerrig og kunnskapssøkande
  • Du er kreativ, oppfinnsam og glad i å skrive
  • Du har god estetisk sans
  • Du har engasjement for og skriv god nynorsk
  • Du er van med å arbeide sjølvstendig
  • Du har erfaring med budsjett og rekneskap

Vi tilbyr

  • ein spennande og morosam jobb
  • ein fleksibel arbeidsdag der du bestemmer det meste sjølv
  • kort veg frå idé til du kan gjennomføre han
  • høve til noko heimekontor
  • gode og lyse kontorlokale i sentrum av Oslo
  • løn etter avtale
  • pensjonsordning

Sjå heile utlysinga her: Norsk Barneblad søker ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar