Er du ein som løyser problem?

Vi treng smarte, nysgjerrige folk. Slike som løyser problem og har tolmod til å halde på lenge – til løysinga endeleg dukkar opp. Vi treng slike folk som kan gjere liva våre betre, ja verda vår betre. Vi treng oppfinnarar. Kanskje er du ein?

Ny teknologi kan gjere mykje for ei betre verd. Energi som kan fornyast, er ei slik stor oppgåve vi må finne gode løysingar for.

Det har alltid vore smarte folk som har funne opp nye ting. For tenk, nokon har funne opp alt rundt oss. Ja, utan Johann Gutenberg, som rundt 1450 fann opp boktrykkarkunsten, hadde du ikkje kunna lese Norsk Barneblad, for eksempel. Ein eller annan har funne opp stolen du sit på, og andre har funne opp skulesekken din, hårbørsten, tannkosten, bussen, bilen, oppvaskmaskina, pizzaen, vindauget, døra, skorne, buksa di og alt du ser frå der du sit. Ingenting blir til av seg sjølv. Nokon har funne det opp. Det er litt kult å tenke på. Kanskje tenker du no at alt er funne opp? Det er det ikkje. Kvar dag er det folk som finn på noko nytt.

Korleis blir du ein oppfinnar? Det er spørsmålet.

Framside av Mai Lindberg

Norsk Barneblad nummer 3 mars 2022