Er du svolten?

Mange familiar et taco på fredagar. Det gjorde vi ikkje i gamle dagar. Vi åt heller ikkje sushi, pizza eller pasta. Alle desse matrettane er ganske nye i Noreg. Smudi  og slush er noko vi drikk med stor glede, det er også nytt for oss. I dag har dei fleste barn laurdagsgodt som fast tradisjon. Mange familiar har sine eigne mattradisjonar, mat som ein et til faste dagar eller høgtider. Kanskje er det slik i din familie?

Er du flink til å skilje mellom ulike smakar? Tenk det eit menneske som har dette som arbeid. Kanskje det hadde vore noko for deg? I maten vår er det både ekte og kunstige smakar. Ja, å lage kunstige smakar som ein kan tilsetje mat, er ein heil industri.

Det ER nok mat i verda til at alle kan bli mette, men fordelinga er så frykteleg feil. Nokre av oss får mykje mat, og andre får nesten ingenting. Og mykje blir kasta. Hadde vi fått orden på dette, så hadde vi fått stoppa all svolt i verda. Men mat er pengar, og dei færraste vil gje frå seg pengar.

Mat er viktig. Utan mat går det jo ikkje.

 

Norsk Barneblad nummer 4, april 2021