Eventyr

Er du eventyrlysten? Har du vore på eventyr i det siste, eller kanskje du planlegg eit? Eventyr er populært. Det har komme ut mange filmar som er laga av eventyr du kanskje kjenner. For eksempel Frost- og Espen Oskeladd-filmane. Men mange fleire er eventyr-filmar, sjølv om vi kanskje ikkje tenker på dei slik. Action-filmar med superheltar er også ein type eventyrfilmar.

Før vi hadde laga oss eit skriftspråk, var forteljingar og eventyr måten folk overleverte kunnskap og moral til ungane sine og til andre vaksne. Folk som var gode på å fortelje, var viktige. Å vere ein forteljar var eit eige yrke.

Kunsten å fortelje er viktig også i dag. No har vi så mange fleire måtar å fortelje på. Vi har film, bøker og Internett i tillegg til munnleg forteljing.

I Norsk Barneblad nummer 2 februar 2020 ser vi på eventyr.

Kan hende skriv du sjølv forteljingar og eventyr? Eller er du ein god forteljar? Prøv eit ramseeventyr. Oppskrifta får du i denne utgåva av Norsk Barneblad.

Teikning av Mai Lindberg