5. klasse på Kviteseid skule med januarnummeret av Norsk Barneblad. Her er dei samla saman med lærarane sine Inger Lise Berge og Hilde Metveit. Dei og fleire andre elevar i Telemark får bladet kvar månad dette skuleåret. Det er Noregs Mållags sine lokallag som betalar.
Lærarrettleiing er laga til kvart nummer av Norsk Barneblad. Det gjer det ekstra enkelt for lærarane å bruke bladet.
Foto med løyve frå skulen og lærarane.